- Det he vore ein kald og tøff etterjolsvinter her på Lista, slik det vel he vore dei fleste andre stader i landsdelen. Februar månad, med 10 kuldegradar i vekevis, he satt sin djupe spor i snøfri åkerjord.

Reinert Kjølleberg veit kva han talar om. I meir enn 40 år he han vore gardbrukar på det forblåste Lista-landet.

- No gjeng det rette vegen. Mildveret he kome - og djupfrosten møter kraftig motstand både natt og dag. Det er ikkje noke som tyder på seinare våronn er normalt.

Når hauststormane slær nådelaust innover Lista-landet, ja då må sjølv steingjerda gjeve tapt. 
- Det er i grunnen min hobby i vinterhalvåret, å reparere - og byggje nye steingjerde. Slik har
eg halde på så lenge eg kan minnast.Det har vorte mange, mange hundre meter med solid vern
mor ver og vind.

- Når eg slepp dyra ut på veite om våren så veit eg i alle fall at gjerda stend der eg plasserte dei tidlegare på året. Eit byggjemateriale å stole på. I generasjonar, humrar Reinert.

Han endrar landskapet. Langsomt. Stein for stein.
Og er du det minste i tvil, så kan ein opplyse om at byggjemateriale er det så vistt nok av på Lista.
Du finn stein absolutt øve alt. Same kor du snur deg.
- Det er eit umåteleg godt miljø blant dei 28 mjølkeprodusentane her på Lista, seier Reinert og 
er ikkje det minste tvil om at han he vald rett yrke. - Eg kan beint fram ikkje tenkje meg noko
betre liv enn dette.
- Når eg no snart fær byta ut eit par slitedelar i kneskålene - ja då ser eg føre meg endå mange
gode og aktive år i hop med sauene, mjølkekyrne, Lyngdalskyra - og steingjerdene.
Ein lun og triveleg kar. Reinert Kjølleberg. På Lista.

Klar for sesong nr 43. Med ein lunefull granne på hi sida av steingjerdet. Nordsjøen.

 

Lyngdalsfe eller lyngdalsku er en gammel norsk ferase fra Lyngdal i Vest-Agder. Den er rødbrun av farve, kollet (uten horn), forholdsvis liten (cirka 380 kg. levendevekt) og leverer melk med en forholdsvis høy fettprosent (cirka 4,23 prosent). Den var opprinnelig spesielt utbredt på Sørlandet.

I 1947 ble ferasen av landbrukssamvirket slått sammen med andre lokale storferaser, som vestlandsk raudkolle, vestlandsk fjordfe og grått mørefe, til én rase, sør- og vestlandsfe. Da avlslaget for dette feet i 1968 gikk inn i norsk rødt fe (NRF), gikk rasebetegnelsen lyngdalsfe ut av bruk.

I dag finnes feet i Lyngdal, Lista, Ryfylke, Sverige og Færøyene.


Øydelagte steingjerde ber bod om enorme krefter når hauststormen feier inn
øve garden til Reinert Kjølleberg.  (foto: øystein moi )

 


Med innleving, med lang livsrøynsle - og med solid fagkunnskap fortel Reinert korleis
han byggjer nye steingjerde. Stein for stein. Doble steingjerde. Ein eigen patent.
Solid som sjølvaste grunnfjellet. Her skal stormen - og bølgjene møte motstand.
(foto: øystein moi )


Foto: øystein moi