Redaktøren i Setesdølen bør ete meir lammekjøt

Av Øystein Moi,
  • Tips en venn om denne siden

Om det skuldast tropenetter, uvanleg høg sumartemperatur og medfylgjande solstikk - eller det heile er eit utslag av den årvisse agurktida, ja det veit me lite om. Det tykkjest likevel vere eit felles mål blant einskilde bladfykar på Sørlandet denne sumaren å spreie mest mogleg lort og elende kring hardt arbeidande bønder og deira støttespelarar. Sist veke var det Lindesnes Avis, medan det denne veka er avisa Setesdølen som hiv seg på karusellen.

Foto: øystein moi

 

Her kan du lese leiarartikkelen i Setesdølen, tysdag 19.juli

Fylkeslearen i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, kom raskt på banen - og fredag 22.juli stod fylgjande lesarinnlegg på prent i lokalavisa Setesdølen:
 

Redaktøren bør ete meir lammekjøt

Redaktør Haugsgjerd kjem med eit etter måten kraftig utfall mot Norges Bondelag i sin leiar av 19. juli. Eg meiner han retter bakar for smed når han gjev Bondelaget skulda for eit tiltakande overskot av lammekjøt.  

Lat det fyrst vere sagt at Bondelaget ønskjer meir lammekjøtproduksjon. Ikkje minst i Setesdal kor føresetnadene er overmåte gode for denne produksjonen. Me har heller ikkje noke som helst imot at nye produsentar finn å ville satse på sau som heiltidsproduksjon, og me heiar sjølvsagt på den satsinga som nå skjer i Setesdal.

Når det gjeld redaktøren si lovprising av tidlegare landbruksminister Listhaug er eg ikkje samd. Ho la opp til å stimulere til stordrift ved samstundes å take bort driftsgrunnlaget ifrå dei små gardbrukarane / produsentane. Dette er korkje bibelsk - eller landbrukspolitisk akseptabelt.
Hovedtyngda av lammekjøtet kjem i dag fra det ein kan kalle små besetninger. Økonomien for desse er ikkje slik at dei kan investere, knapt nok kan dei få ei høvelig timeløn under dagens vilkår. Dersom ein vil ha desse produsentane bort frå marknaden er dagens landbrukspolitikk særleg gunstig.
Norges Bondelag meiner derimot, utan atterhald, at me treng desse små produsentane også i framtida.

 

Bonden betaler marknadsreguleringa.

I Noreg er det bonden som betaler for marknadsreguleringa. Bonden veit at overskot i marknaden gjev dramatiske utslag i prisen til bonden. Dette blir meir dramatisk dess større produksjonen er. Når prognosene for marknaden viser overskot er det naudsynt å setje inn tiltak. Innovasjon Norge sine tilskotsmidlar til nye sauefjos nå må ein difor handsame særs varsamt slik stoda er i marknaden i dag. Gjer ein ikkje det vil lønsemda for dei som allereie har satsa stort i sauenæringa verte alvorleg skadelidande.
Det inneber og at dei forhandlingane som regjeringa nå fører med EU om mogelege endringer i dei tollfrie kvotene(§19) kan få dramatiske utslag for mellom anna sauenæringa. Det same gjeld dei viktige og langdryge WTO forhandlingane. (Avtalen som lagar reglar for verdshandelen, og har som formål å byggje ned handelsbarrierer som t.d. toll.)

Eg oppmodar redaktøren, og alle Setesdølens lesarar, om å ete meir lammekjøt. Dette både fordi det er velsmakande,ja beint fram i verdensklasse, men og fordi sauen er fjellets beste slottekar - samstundes som han representerer ein produksjon Setesdal er avhengig av dersom ein skal take vare på det framifra kulturlandskapet som dalføret er viden kjent for.

Med helsing

Erik Fløystad, leiar Aust-Agder Bondelag

 

 

 

 

 

Nå må vi alle hjelpe hverandre

Fôrsituasjonen i Agder er kritisk. Vi oppfordrer alle bønder og grunneiere til å bli med på en dugnad for å skaffe mest mulig gras og halm før vinteren. Store deler av Norge er nå inne i den verste tørkeperioden i nyere tid. Det sies at vi må tilbake til 1947 for å finne noe lignende, og landbruket da og nå kan nesten ikke sammenlignes.

Marit Gunn og Kåre på oppdrag i Setesdal

Marit Gunn Tveit og Kåre Blålid er komen heim til Lillesand etter ein av sine mange turar i setesdalsheiene. Her he dei jamnleg tiilsyn med saueflokken sin - og her fyller dei på dugeleg med helsebot for både lekam og sjel. Denne sundagen vart det noko spesielt. Røyklukta låg tung øve dalføret. Skogbrannane herjer i knusktørr utmark. Dramatiske dagar i Setesdal.

Informasjon frå Norges Bondelag - frå Agderkontoret

Våre to fylkesleiarar, Knut Erik Ulltveit og Tor Erik Leland, held jamnleg - og tett kontakt med toppleiinga i Norges Bondelag. Fortvila bønder frå heile Agder etterspør stadig oftare om det finnast teikn til ljos i andre enden av tunellen. Regnværet, rotbløyta er det framleis ingen som ser teikn til. Det store, og heilt avgjerande spursmålet er no kor i all verda ein kan få tak i grovfôr. Tida er knapp - og graset er så visst ikkje grønare på den andre sida av steingjerdet - eller på andre sida av landegrensa.

Alvor

No er det alvor

Evjemoen. Tysdagen den 10 juli - i året 2018. Nær 300 personar, dei fleste aktive bønder, tek sete inne i den flotte kinosalen. Stemninga er lågmælt. Ord som krise og katastrofe vert utveksla mellom stolte og hardt arbeidande yrkesbrødre. Einskilde med ei synleg tåre i augekroken. Landbruksdirektøren, statens sendemann, tek sete på fyrste benkerad. No er det alvor.

Fôrmangel i Agder-fylkene

Torsdag 5. juli var representanter fra Bondelaget, Norsk Landbruksrådgiving Agder, Tyr Sørlandet, Nortura, Norsk sau og geit, Fiskå mølle, Felleskjøpet og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder samlet på Fylkeshuset i Kristiansand for å drøfte den prekære fôrsituasjonen.

Grovfor i ei vanskeleg tid - invitasjon til møte

Årets grovforavling vert for dei aller fleste mykje mindre enn kva som er normalt. Det vert i desse dagar referert til eit avlingsnivå mindre enn 50 % av eit normalår. Av ulike grunnar er det difor viktig å planleggje, eller starte tiltak for å spare grovfor. Dette gjeld no i sumar - og det gjeld og med tanke på den komande inneforingssesongen. Det er viktig å stå saman i ein svært krevjande situasjon. For næringa - og for kvar einskild.

Gratulerer så mykje - betre enn dette kan det ikkje gjerast

To mjølkeprodusentar frå Åseral har mottatt Mjølkespannet for å ha levert elitemjølk i meir enn samanhengande 25 år. Karin og Bjørn Ljosland - og Inger Marie og Ove Austegard Utdelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i forkant av TINE sitt årsmøte.

Vedtak om lisensfelling av jerv og ulv

Rovviltnemnda i region 2 Sør-Norge har vedtatt kvoter for lisensfelling av jerv og ulv i 2018/2019. Kvotene er på to dyr av hver art og gjøres gjeldende for hele regionen (Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder).

Mat i sentrum - Midt i byen

Du kan alt no merke deg datoen 1. september. Denne laurdagen vil eit mangfold av av bondevener, lokale matprodusentar, lag og organisasjonar - og kvitkledde kokkar gjere om torvet i Kristiansand til ein gigantisk matmarknad. Arrangørane vonar at meir enn 10 000 personar vil vitje Wergelandsparken, Øvre Torv - og Nedre Torv i løpet av dagen.

Dette skjer i Agder

Søndag
12
August

Åpen Gård - Grimstad Bondelag

Dømmesmoen
Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Arendal Bibliotek
Tirsdag
14
August

Den store landbruksdebatten

Arendalsuka

Våre samarbeidspartnere