Her vert det høve til å sjå korleis revane har det i ein pelsdyrgard.  Det vil bli omvisning på garden, og nærare informasjon om kva oppdrett av pelsdyr går ut på.

Litt aktivitetar vert det også, særleg retta mot den yngre garde. Enkel servering både for store og små.  

Pelsdyralslaget har arrangert open pelsdyrgard i fleire år no, og me vil igjen oppfordra alle som er nyskjerrige på næringa  til å koma på besøk.  For dei som det ikkje passar for denne dagen, er det berre å kontakte ein av pelsdyrgardane i Hallingdal, for å avtala besøk ein annan dag.

Hvis du er nyskjerrig på realitetane med pelsdyrhald så vil me sterkt oppfordre til å gjera eit besøk, for å sjå  korleis ein gardsrev har det i dag. Pelsdyrnæringa har lange tradisjonar som ei viktig landbruksnæring her i dalen, og me som driv i dag er glade og stolte i arbeidsplassen vår.

Me håpar på god oppslutnad, og  me vil ynskje alle velkomne til Open Pelsdyrgard.

 

Valdres/Hallingdal Pelsdyralslag

Sigbjørn  Kirkebøen, leiar.