Årsmøtet i Telemark Bondelag vedtok enstemmig følgende uttalelse 17. mars 2018:

 

Jordvern på dagsorden!

Årsmøtet i Telemark Bondelag er svært godt nøgd med dei ni jordvettreglane frå Fylkesmannen i Telemark.

Med desse reglane seier Fylkesmannen at vern av dyrka jord skal prioriterast høgt i samfunnsplanlegginga. Vi reknar med at politikarar, og andre som skal ta avgjerder i samfunnet les reglane, og tek dei på alvor. Vern av jord handlar om evna landet vårt skal ha til å syte for mat til sitt eige folk.

Det er enklare å ta vare på dei tre prosentane med disponibelt matjordareal vi har i Norge, framfor å måtte dyrke opp nytt.  Jordvern er samtidig den enklaste måten å unngå redusert norsk matproduksjon på. Vi har eit nasjonalt mål om å auke matproduksjonen med éin prosent kvart år fram mot 2030, til det treng vi faktisk to millionar nye dekar med jordbruksjord.

Jordbruksareal i drift gir oss opne og velpleidde landskap, og fører med seg bulyst og gode opplevingar. Dette er openbert eit godt grunnlag for turisme i heile Norge, òg.

Det bør vere ein nullvisjon for nedbygging av matjord. For å styrke jordvernet enda meir bør ein flytte behandlinga av jordvernsaker frå kommunen til Fylkesmannen.

Jordvettreglane oppmodar oss til å reflektere over og vere bevisste det faktum at dyrka jord er ein knapp ressurs som mennesket er heilt avhengig av. Denne ressursen er heller ikkje fornybar om den vert bygd ned. Jordvettreglane finnast her.

Telemark er først ute med sine jordvettreglar. Dei er ni vegvisarar for godt jordvern som må bli følgt i all samfunnsplanlegging.

Årsmøtet Telemark Bondelag 17. mars 2018.