Med bakgrunn i eit krisemøte hjå Fylkesmannen, landbruksdirektøren, sist veke vart det denne dagen invitert til eit informasjonsmøte kring den alvorlege situasjonen som landbruket på Agder no er inne i.
Situasjonen er no så alvorleg at når ein bruker ord som katastrofe , for store delar av næringa, så er ikkje detta på noko vis å overdrive det som no er i ferd med å skje.
Frå talarstolen forreta sakkundige utsendinger frå m.a. Fiskå Mølle, Felleskjøpet, Nortura, Tine , Bondelaget og Norsk Landbruksrådgiving.
I salen sat hardt pressa bønder frå m.a. Åseral, Lista, Vegårshei, Froland, Øvrebø, Åmli og Hornnes.
Spursmåla var mange.
Vitnesbyrda var sterke. Stundom djupt personlege. Mange he alt ringt etter slaktebilen. Krubba er snart tom.

Konklusjonen er at ingen av dei frammøtte hadde noko eintydig svar på den akutte - og dramatiske grovfôrsituasjonen.
Avlingsskadeerstatning vart sjølvsagt  nemnd i mange samanhenger, men det hjelper lite med penger på bok dersom det ikkje er gras å få kjøpt nokon stad. Import av gras er, i skrivande stund, ein særs krevjande idrett.
Situasjonen er like dramatisk i Danmark, Sverige og Nord-Tyskland. Frå Irland til  Baltikum.      

Kanskje det viktigaste denne glodheite julidagen var å kome i hop. Under same tak. Felles lagnad kan mange tider vere felles trøyst.
Det er i alle fall umåteleg viktig å take vare på kvarandre, syte omsut for kvarandre,  når katastrofa råker så mange - på så kort tid.
Bondeyrket er mange tider eit einsamd yrke. No er det, meir enn nokon gong, så himla viktig at ikkje bonden sit einsam heime på låven og grublar over situasjonen.
Me er til for kvarandre. Me er eit sterkt fellesskap. Når dagane vert tunge, og når nettene vert lange - ja då er det viktig at  me tek kontakt med kvarandre. Bruk telefonen - eller tak deg ein tur på hi sida av steingjerdet. 

 


Alvor. ( foto: øystein moi )

 


To lokale gardbrukarar. Etniske Evjefolk.
F.v. Dagfinn Torgersen og Egil Kjebekk.  ( foto: øystein moi )

 


Møte mellom ei gamal - og ei ny tid.
T.v. noverande jordbrukssjef i Evje & Hornnes - Inge Eftevand.
T.h.tidlegare jordbrukssjef, i same røystekrinsen, Jørgen Høgetveit.

(foto: øystein moi )

 


Den alltid smilande ordføraren i Vegårshei, Kirsten Helen Myren, på luftetur med
kjærasten Alf Eivind.
(foto: øystein moi )

 


Lokallagsleiaren i Lillesand Bondelag, og ihuga sauebonde, Marit Gunn Tveit sytte
for nok - og helsefremjande drikke til den store møtelyden.  ( foto: øystein moi )

 


Skrifta på veggen. Svart på kvitt.  ( foto: øystein moi )

 


Tidlegare stortingsmann Odd Omland er ein sann og trugen bondeven.
Her he han benka seg i hop med Åge Gyland. Frå Gyland. Nestleiar i V-A Bondelag.
( foto: øystein moi )

 


Sven Reiersen (t.v.) - gardbrukar frå Tveit i Hornnes. Den andre guten heiter
Tor Erik Leland. Fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag. Fødd og alen i Selandsdalen.
( foto: øystein moi )


Takk til Evje & Hornnes kommune som hadde sendt sin aller beste mann til å
take i mot gjestane på "Evjemoen Kino & Scene." 
Odd Magne Strømstad gjorde ein framifrå jobb, både i - og utanfor møtesalen.
Totalansvar for trivsel, lyd, lys, søppeltøming, orden og reinhald - og
tilgang på frisk luft.
Me kan på alle måtar tilrå dette lokalet til både kurs og konferansar.
Stort betre kan det ikkje bli.
( foto: øystein moi )