Det er organisasjonen Landbrukets Dag som er formell arrangør av denne festdagen, men  med seg på laget har ein fått gode, solide og røynde støttespelarar som m.a. Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Kristiansand kommune og Bondelaget.
Ein kan samstundes minne om at det og er Landbrukets Dag som kvart år arrangerer den store mat- og landbruksmessa Naturligvis  på Evjemoen.


Foto: øystein moi

Når det gjeld det endelege programmet så vil me sjølvsagt kom attende til dette når alle detaljane er på plass. Men ein kan alt no love at dette vert ei kraftfull og ikkje minst minnerik markering, feiring om du vil , av landbruket på Agder.
Mat i sentrum. Ei  omdømebyggjing av det som utan atterhald representerer ei av dei aller viktigaste næringane i heile røystekrinsen. I heile landet. Norsk matproduksjon, kortreist mat, trygg mat - og nok mat er velkjende omkverve som garantert aldri vil gå av moten.


Foto: øystein moi
 

Fleire lokale matprodusentar vil vere tilstades for å presentere  sine smakfulle og stuttreiste delikatesser. Frå hovudscena vil ein servere ei rekkje med musikalske og kulturelle høgdepunkt. Unge talentfulle kokkelærlinger skal syte for at ingen reiser svoltne heim frå Torvet denne laurdagen.
Det vert grundig informasjon og fagleg rettleiing  kring spanande emne som honningproduksjon, kompostering, Inn På Tunet, reiseliv - og utdanning innen landbruk og naturbruk. Er du interessert i andelslandbruk, ja då er Torvet i Kristiansand rette staden å vere denne fyrste haustdagen i dette kalenderåret.
Ein ny, og urban trend, er at folk no dyrker sine eigne matvarer, frukt og grønt heime  på terassen - eller i bakgården midt i Kvadraturen.  Dette vert det ei grundig orientering - og opplæring om på Torvet. Eller kan hende det vert inne i sjølvaste Wergelandsparken blandt solmodne tomatar, sauekjøt frå Lista, poteter frå Redddal, moreller frå Evje - heimebaka stomp, syltetøy frå indre Agder  - og økologiske råvarer av mange slag frå Landbruksskulen i Søgne.
Vonleg vert dei å sjå representantane frå både Tine, Nortura, Birøkterlaget og Norske 4H.
Mykje er framleis på teiknebrettet. Ønskelista er lang. Ein folkefest skal det bli.
Mat i sentrum.Du he truleg aldri sett maken til dette. Midt i byen.


Foto: øystein moi

Ole Magne Omdal, rådgjevar i Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen, er ein av nøkkelpersonane som i desse dagar held på med planleggjinga av "Mat i sentrum."
Omdal lovar å stille i mørk dress - og han lovar samstundes å hente fram den finaste bilen frå garasjen når han ynskjer tusenvis av gjestar velkomen til Torvet. Til Wergelandsparken. Til folkfesten.
Til Mat i sentrum.