Måndag 20. mars er det klart for årsmøte i Aust-Agder Bondelag. Etter mange år i førarsetet har den mektige bondehøvdingen,  Erik Fløystad  frå Austre Moland, gjeve melding til valkomiteen at han no ynskjer avløysing i det krevjande vervet som leiar av fylkeslaget.
Valkomiteen innstiller på at noverande nestleiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit – frå Gjerstad, vert vald til ny fylkesleiar.
Ulltveit er 38 år gamal og er busett på garden Ulltveit i Gjerstad. Her bur han under same tak med kjærasten Siri, frå Froland, og i fjoset har han 70 velvaksne ammekyr som treng godt stell både morgon og kveld.
Mange kjenner Knut Erik Ulltveit som ein omtykt deltakar i det populære fjernsynsprogrammet «Jakten på kjærligheten.» Sambuar Siri er såleis eit levande vitneprov på det endelege resultatet av denne langstrakte og strevsame  jaktturen.
Knut Erik Ulltveit er ein kunnskapsrik ung mann -  og ein  ihuga gardbrukar som høgst truleg vil fylle skorne etter Erik Fløystad på ein framifrå måte.
Valresultatet veit me tidleg på ettermiddagen den 20. mars. Lite er avgjort før den aller siste røystesetelen er registrert hjå leiaren av teljekorpset.
Knut Erik Ulltveit er klår for oppgåva, og han legg så visst ikkje skjul på at dette er eit verv han så avgjort kan tenkje seg.
Eit godt utgangspunkt for ein krevjande jobb. Kring neste hjørne ventar både jordbruksforhandlinger og stortingsval.