Hiuttak av jerv: Eit nødvendig onde eller muleg å unngå?

Publisert 02.03.2018
  • Tips en venn om denne siden

- Både beitebrukarane og staten lir under dårleg omdømme på grunn av jervejakt i yngletida. Dette kunne i stor grad vore unngått dersom staten ved Statens Naturoppsyn tok ansvar for å regulere bestanden i den ordinære jakttida. Det skriv fylkesleiar Oddvar Mikkelsen og rovdyransvarleg Odd Bjarne Bjørdal i eit lesarinnlegg.

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen og rovdyransvarleg Odd Bjarne BjørdalHer er innlegget som er sendt media:

Hiuttak av jerv: Eit nødvendig onde eller muleg å unngå?

Naturvernforbundet gikk nyleg ut og kritiserte praksisen med hiuttak av jerv der den dokumenterte bestanden er høgare enn bestandsmålet etter avslutta lisensjakt. Det er etter kvart ein årleg tradisjon at diskusjonen om å avlive jervetisper og ungane deira kjem kort tid etter at lisensjakta er avslutta 15. februar. Møre og Romsdal Bondelag kan forstå at mange er kritiske og stiller spørsmål ved denne praksisen. Det er vanleg at alt vilt er freda i yngletida. Dette er å syne respekt for dyra.

Då ordninga med lisensjakt på jerv vart oppretta var noko av tanken at det skulle vere eit gode for interesserte jegarar å kunne jakte på jerv. I enkelte år lukkast jegarane godt og fleire jerv blir tekne ut i den ordinære jakttida. I andre år, som i år, lukkast ikkje dette. Då kjem spørsmålet om hiuttak opp i og med at det er dokumentert fleire jerv enn bestandsmålet.

Møre og Romsdal Bondelag vil peike på at det er statlege myndigheiter som har fastsett bestandsmålet for dei store rovdyra, og at det difor må vere statens ansvar gjennom Statens Naturoppsyn (SNO) å halde rovviltbestanden på vedteke nivå. Vi vil difor gå inn for å få etablert ein praksis der Statens Naturoppsyn har ansvar for å gå aktivt inn i jakta og sikre at dei planlagde fellingane blir gjennomført. I tillegg vil vi arbeide for å tillate auka bruk av tekniske hjelpemiddel for å gjere jakta lettare og sikrare for lisensjegarane, og at opplæring og rådgjeving blir tilgjengeleg for fleire.

Eit forslag kan vere at ordinær lisensjakt kan vare fram til jul. Etter nyttår fortsett jakta men då kan SNO få ansvar for å ta ut dei resterande dyra i fellingskvotane, gjerne i samarbeid med lokale jegarar. På den måten kan ein få redusert behovet for hiuttak til eit minimum.

Jervejakt er vanskeleg. Det finst døme på at uheldig eller lite gjennomtenkt jaktform eller manglande samarbeid har resultert i at jakta mislukkast, og at jegarar diverre har kome i skade for å gjere jakta vanskelegare for kvarandre, og at forsøk på åtejakt har resultert i at åta i praksis har vorte fôringsplassar for jerv. Det kan vere eit tema for drøfting om det skal innførast strengare krav til lisensjegarane og utøving av lisensjakta slik at aktuelle åteplassar må godkjennast og at ein må kunne dokumentere at åtet kan bemannast tilstrekkeleg for å gi gode sjansar for felling. Kan hende må Statens Naturoppsyn få ei aktiv rolle i obligatorisk rådgjeving til dei som søkjer om jaktlisens.

For beitenæringane er kontroll med rovviltbestandane avgjerande, og det er ikkje godt nok at bestandsreguleringa blir overlatt til tilfeldig og frivillig jakt. Det skal heller ikkje vere slik at bygdefolket sjølv skal ha ansvaret for å vere den utøvande part i forvaltninga av dyrestammen som myndigheitene har vedteke storleiken på. Det ansvaret må staten sjølv ta.

Både beitebrukarane og staten lir under dårleg omdømme på grunn av jervejakt i yngletida. Dette kunne i stor grad vore unngått dersom staten ved Statens Naturoppsyn tok ansvar for å regulere bestanden i den ordinære jakttida.

Møre og Romsdal Bondelag

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen og rovdyransvarleg Odd Bjarne Bjørdal

- Bøndene står ikke med lua i handa

- Bøndene står ikke med lua i handa, skriver fylkesleder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen i et leserinnlegg som sto på trykk i Nationen i går.

Møre og Romsdal ble matjordversting i 2017

Møre og Romsdal topper verstinglista over omdisponering av dyrka matjord. Ferske tall fra Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at fylket omdisponerte hele 734 dekar dyrka mark til formål som vei og bolig i 2017.

Aktive møringer på Bondetinget

En aktiv delegasjon fra Møre og Romsdal deltok på ”Bondetinget” på LIllehammer 6. og 7. juni sammen med 300 andre delegater og gjester, deriblant landbruksminister Jon Georg Dale fra Volda. Arne Magnus Aasen, Tingvoll, ble gjenvalgt til styret i Norges Bondelag. Audun Skjervøy, Norddal, ble ny 3. varamedlem til styret.

- Strir mot sunn fornuft

- Dette strir mot sunn fornuft og mot Stortinget sine mål i landbrukspolitikken når ein bonde som får klimaråd på garden vil oppnå framgang i klimaarbeidet ved å auke avdråtten, auke kraftforandelen, kutte beitebruken og særleg utmarksbeite. Og aller mest ved å kutte ut heile kua.

Fremmedstoffer på avveier kan ende opp i maten

- Fremmedstoffer på avveier absorberes i næringskjedene og kan fort ende opp i maten som produseres i nærområdene, skriver Møre og Romsdal Bondelag i en høringsuttale til reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand AS i Nesset kommune.

Ber bøndene fylle gjødselvogna med vann

Leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, oppfordrer bøndene i fylket til å fylle gjødselvogna med vann som beredskap hvis det trengs hjelp i disse skogbrannfaretider.

Reagerer på omkamp om forvaltningsplan for rovvilt

Lederne i de tre fylkesbondelagene i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal mener departementet prøver seg på omkamp om revidert forvaltningsplan for rovvilt i region 6, uten juridisk forankring og uten at det foreligger politisk forankring i et flertall.

Kua er ingen klimaversting

Møre og Romsdal Bondelag og NORSØK presenterte i forrige uke tanker om landbruk og klima for Norges Forskningsråd.

- Ein siger for fornuften

- Fem års vaksenopplæring gir omsider frukter i praktisk politikk, seier fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag om jordbruksavtalen som vart underteikna 16. mai.

- Krevende jordbruksoppgjør

- Det er merkelig stille både i media og fra bøndene selv. Har folk blitt blendet av at tallene er store i år? spør fylkesleder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, i ei oppsummering bare dager før vi får ei avklaring på årets jordbruksforhandlinger.

Molde-bønder dro til byen

Midt i våronna og i et spennende jordbruksoppgjør fikk Molde-bøndene et trivelig møte med sine kunder, da de lørdag inntok rådhusplassen med kopplam, høner, småtraktorer og smaksprøver på ost fra distriktet.

-Tar ikke utfordringene på alvor

- Regjeringa har lagt fram et svakt tilbud. De tar ikke utfordringene i norsk landbruk på alvor, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
26
September

Styremøte M&R Bondelag

Torsdag
04
Oktober

Styretur M&R Bondelag

Onsdag
21
November

Tema- og skattekurs for regnskapskontor

Kristiansund

Våre samarbeidspartnere