Hallvard (29 ) tek i mot reisefyet, byråkratane frå Bondelaget, heime i gardstunet. I fjoset høyrer me ljomen av hammer og sag. Det er Åsmund, far til Hallvard, som er i full sving i nybygget. 
- Ja eg hadde ikkje klart meg utan god hjelp frå pappa, seier Hallvard. Dei er båe eit godt døme på at det er fullt mogleg å arbeide fleire generasjoanr i lag på eit gardsbruk.
- Me dreiv ei vellukka  samdrift her i meir enn fem år, seier Hallvard - og foreldregenerasjonen nikker samtykkjande.
I dag he Åsmund hovudinntekta si frå teneste hjå det lokale rutebilselskapet.


To spreke karar. Åsdølar av aller beste slag. ( foto: øystein moi )

I desse dagar held Hallvard på med å ferdigstille ei kraftig utbbyggjing av fjoset - eller "floren" som dei seier på denne sida av Hekkfjell.
Når alt er klart, ei eller anna gong i inneverande århundre, så skal her verte husrom for 25 mjølkekyr, 18 kviger - og ein solid flokk med tilhøyrande kalvar.
Til garden høyrer det ikkje meir enn omlag 50 da med dyrka mark. I tillegg leiger Hallvard omlag 100 da av gode vener i grannelaget. Ikkje lenger unna gardstunet enn at alt kan kallast kortreist mat.

Mykje av ressursane, tilhøyrande denne garden, er å finne på heia - i utmarka. Rundt rekna 9000 da utmark representerer verdfulle ressursar når det m.a. gjeld beite, jakt og fiske.


Nybygg på omlag 135 kvm ber bod om ein betre, og meir romsleg kvardag, for både folk og fe.
( foto: øystein moi )

Hallvard gjer det på sin måte - heilt øvetydd om at det nettopp er denne driftsforma som høver best for han. Han investerer ikkje i kostbart og moderne utstyr til rundballepressing. Han skal ikkje dele fjosstellet med fjernstyrte mjølkerobotar.
Her er framleis forhaustaren i bruk kvart einaste år - og Hallvard vel difor å invester i ein flunkande ny tårnsilo.
Rimeleg og effektivt. Gode minne for den eldre garde - høgst aktuelt for Hallvard Forgard. 
Her er heller ikkje investert millionar i kroner for å tilfredstille framtidige krav om lausdrift i mjølkefjoset. Her skal kyrne framleis kunne kose seg på einerom, i bås med tilhøyrande mjukt liggjeunderlag. Nærast  for hotellstandard å rekne.


Foto: øystein moi
 

- Du må endeleg skrive at me he eit fantastisk godt miljø blant grannane - og blant bøndene her i bygda. Eit eineståande samhald. Her vert du aldri ståande alleine. Treng du hjelp til eit eller anna så kan du vere viss på at ein eller annan frå nabolaget berre er få minutt unna. Slikt er gull  verd - og kan så visst ikkje kjøpast for korkje gods eller gull. 
- Ein viktig og på mange måtar avgjerande ressurs for at me alle skal lukkast. Og trivast.
Seier lokallagsleiaren i ÅseralBondelag.



Åsdølane he ein eigen, og sterk kjærleik, knyta til Massey Ferguson.
Ingen andre stader i Noreg kan syne til liknande symbiose. Historisk i fylgje folk i maskinbransjen. Historisk i fylgje uoffisiell norsk statristilkk. ( foto: øystein moi)

 

Åseral er kommunen kor tankbilsjåføren frå Tine he ein lang og etterlengta sumarferie. Sjølv om det er sju mjølkeprodusentar i bygda så er det ikkje så mykje som ein einaste mjølkeskvett å finne her i løpet av sumaren. Då er buskapen, utan unnatak, på fellesferie i fjellheimen. I utmarka.
Den 2. veka i juni reiser 130 dyr på høgheia. Då vert det rolegare dagar både for Hallvard og Dagros. I byrjinga av september vender dei heimatt til sivilisasjonen.
Denne hausten  kjem kyrne til Hallvard heim til nytt fjos. Til ny seng - og til velsmakande og stuttreist silofor.
Stort betre kan det ikkje bli.
Hallvard Forgard. 30 år gamal, ein knakande gild gut. Ein framifrå gardbrukar som så vistt ikkje er redd for å gå eigne vegar når nettopp det syner seg naudsynt.
Ein ny tårnsilo er så avgjort eit teikn på akkurat det.
Takk for kaffen Hallvard. Takk for stunda - me kjem gjerne attende.

Teknologien, den moderne, he så visst nådd Indre Agder. Kyrkjebygd medrekna.
På ein "app" på den bærbare, håndholdte telefonen kan Hallvard til ei kvar tid sjå kor i terrenget kvar
einskild kyr er å finne. På mange måtar den moderne gjetaren.
Dersom eitt av dyra ligg stille, for lenge, - eller ikkje flytter seg i landskapet så fær bonden melding om dette på telefonen.  ( foto: øystein moi )