Navn og lokallag: Håkon Haug Laa, Ål Bondelag

 

Alder: 45 år

 

Bosted (litt om garden og gardsdrift): Bor på garden Laa i bygda Øvre-Ål og driver med sau.  

 

Bondelagshistorien din (hvor lenge medlem, hvilke verv i bondelaget og ellers):

Har vore medlem i bondelaget sidan me overtok garden i 1998. Har vore med i styret i Ål Bondelag sidan 2005. Først var eg skrivar og frå 2010 har eg vore leiar.

 

Dette brenner jeg for i landbruket/landbrukspolitikken:

Eg ynskjer å vera med å bidra til ei god utvikling i landbruket. Det gjelder både at landbruket leverer kvalitetsprodukt og at bonden får lønn for arbeidet.

 

Hva slags forhåpninger har du til norsk landbrukspolitikk de neste fem åra?

Eg håper for dei neste fem åra at det skal ei auke i løna til bonden, endå betre kvalitet på produkta frå bonden og at statusen til bonden auker slik at ungdomen satser  på landbruket.

 

Hva ville du bli da du var liten? Da eg var liten ville eg bli bonde.

 

Hva er drømmereisemålet ditt? Eg har lyst til å dra til Island.

 

Hva liker du å gjøre på fritida og hva er en god fridag for deg?

På fritida liker eg å gå på ski med kona og ungane. Ein god fridag for meg er skitur i fint vær.

 

Hva er de mest brukte app’ene på telefonen din? Har ingen app på telefonen.

 

Hvilken butikk er du oftest innom?

Butikken eg er oftast innom er Ål Kjøpelag (Butikk som er eigd av bønder i Ål og Hol).

 

Hva gleder deg mest i (tillits)vervet som lokallagsleder?

Eg liker å drøfte landbrukspolitikk og det får eg gjera som leiar for Ål bondelag.

 

Hva gjør deg stolt av å bo i Ål?

Eg er stolt av dei fine fjellområdene i Ål kommune.

 

Hva er din største opplevelse som bonde?

Min finaste opplevelse som bonde er å drive med slåtten ein fin sommardag.