Lesarinnlegget står på trykk i avisa Nationen 13. november, og har slik ordlyd:

Frustrasjon og forvirring om får

Dei siste vekene har heile landbruksnæringa inkludert statsråd Dale vore i diskusjon om korleis overskotet av lam og sau har oppstått og korleis ein skal løyse problemet. Sauebøndene skuldar på Nortura, Nortura skuldar på sauebøndene, alle skuldar på landbruksministeren og ministeren og Bonde og Småbrukarlaget skuldar på alle andre enn seg sjølv. Nokon skuldar og på matvarekjedene. Alle har litt rett og ingen tek heilt feil, men det har vore for stort fokus på investeringstilskota. Næringa splittast og einaste vinnaren blir ministerens liberalistiske ideologi.

Etter fleire år med underskot på kjøt tok næringa tak og i fleire fylke har det vore stimuleringsprosjekt og kurs for å få fleire til å byrje med sau eller auke sauetalet. Det tek  tid å bygge opp besetningane og fram til 2015 var det knapt nokon som var bekymra. Nesten ingen innsåg at dei fjøsa som var bygde fram til 2014 på det tidspunktet hadde bygd opp dyretalet og var i full produksjon frå 2015 og at antal slakt ville auke ganske brått. Difor var det få som protesterte særleg kraftig på vegne av sauenæringa då Stortinget etter brotet i jordbruksforhandlingane innførte flate satsar for tilskot både på grasareal og dyretal og i praksis fjerna grensene for kor mange dyr ein kan få husdyrtilskot og beitetilskot for. Resultatet er at lønsemda for små sauebruk har stått ganske stille medan lønsemda i å bygge opp store sauebesetningar er dramatisk betra fram til overproduksjonen ga prisnedgang. Det er difor ikkje heilt rett å gje korkje Dale eller investeringstilskotet hovudansvaret for problema næringa har no. Det er heile næringas manglande bevisstheit kring kapasitetsauken i åra  før 2015 og Stortingets volumdrivande endring i tilskota i 2014-oppgjeret som er grunnlaget for overskotet. Dette kunne sjølvsagt vore protestert meir imot i påfølgande jordbruksoppgjer men det ville neppe hatt effekt på Listhaug og Dales einspora vilje til stordrift og marknadsstyring. Oppi alt dette har sauenæringa sjølv vore dei ivrigaste i å krevje inntektsauke i jordbruksoppgjera sjølv etter at overskotet oppstod. Jon Georg Dale bidrar ikkje positivt med dei utspela han har hatt om dette, og han må vise vilje til å snu noko på voluminnrettinga som vart innført i 2014 med sterk auke av kvalitetstilskotet på lam og auken i husdyrtilskotet for dei store besetningane.

Om vi tek bort investeringstilskot til sau vil det fortsatt kunne bli  bygd store sauefjøs utan tilskot i område der det ligg til rette for det med tilgang på jord og beite og med bankar som tør å satse på dei investeringsvillige bøndene. I utkant-Noreg vil det derimot bli full brems. Sjølv i ei næring med overproduksjon er det behov for fornying, og ein eventuell total stans i tilskot til sauefjøs må vere kortvarig. I Møre og Romsdal innførte partnarskapet i fjor retningsliner om «etableringsstopp» for sauehald men fornyingsprosjekt med inntil 25 % auke i dyretal vart likt prioritert som andre produksjonar. Dette kan vere til eksempel for fleire.

Vi må vurdere fleire tiltak. Forslaget om redusert påsett er svært godt men baserer seg på frivilligheit. Eit anna tiltak er øvre vektgrense for å få kvalitetstilskot etter ein viss dato. Dette må differensierast geografisk. No fører kvalitetstilskotet til at unødig mange lam blir fora ei stund på heimebeite eller med (importert) kraftfôr før slakting for å oppnå kvalitetstilskotet og dette fører til auke i slaktevekt og overskot av kjøt. Mange av lamma er fine slakt rett frå beite, men spranget frå 0 kr til 500 kr i kvalitetstilskot ved O+ tvingar dette fram. Fordeling av kvalitetstilskotet på fleire klassar med tre trinn frå O og oppover vil og gje auka fleksibilitet. Reduksjon i dyretilskot, både tal dyr ein kan få tilskot for og sats for dei siste dyra, meir i tråd med det som var før 2014 vil gi utbyggingar i mindre skala i framtida, og kan gjere det lettare å redusere dyretalet noko i eksisterande besetningar. Og følg med no Jon Georg: Før desse pengane over på dei første dyra for å gjere drifta meir lønsam for dei mindre bruka, oppretthalde inntekta på dei store og ikkje stimulere til auke i bruksstorleik som ikkje passar til driftsgrunnlaget og fører til omfattande frakt av dyr, fôr og gjødsel.

Sist sommar gjorde Nortura og andre ein svært god jobb med å få butikkjedene til å selje produkt av sau og lam til grilling. Kjedene må lytte til kundane som ikkje finn ønska produkt i hyllene no i haust og Nortura og andre slakteri må forhandle fram avtalar med kjedene om lenger sesong og fleire lamme- og saueprodukt gjennom heile året. Opplysningskontoret for kjøtt har og ein viktig rolle her. Alle aktørane må innsjå at dette er sesongvare i den forstand at slaktinga foregår om hausten men maten kan like fullt nytast like mykje gjennom heile året.

Oddvar Mikkelsen, Leiar Møre og Romsdal Bondelag