Landbruket i Buskerud har lange tradisjonar med pelsdyrhald, som ein naturleg og viktig del av vårt landbruk, og i dei vanskelege 30-åra var det mang ein gard som vart redda av pelsdyra, og i særleg grad sølvreven.   

Her i Hallingdal spesielt, stod næringa i ei særstilling i førkrigsåra.  I Ål bar skatteinntekter frå sølvrevhaldarar ein fjerdedel av kommunebudsjettet gjennom fleire år.     

I 2017 vedtok Stortinget berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, etter ein fleire års grundig behandlingsprosess, med pelsdyrutvalets rapport i 2014, og Stortingsmeldinga, Meld. St. 8 (2016–2017.)  Dette skulle gje ein nødvendig forutsigbarheit for pelsdyrbønder, som hadde vore under press i fleire år. 

At Høgre og Framstegspartiet, som var med og stod bak vedtaket om ei berekraftig utvikling for næringa i januar 2017, berre eitt år seinare sparkar beina under dei same bøndene, for at regjeringsdraumen med Venstre skulle bli oppfylt, er uanstendig  og lite verdig av politikarar som styrer vår framtid og samfunn. 

Dyrevelferd skal vera essensielt i alt dyrehald, difor var dette også det viktigaste elementet når Stortinget vedtok berekraftig utvikling i 2017, der krav til auka dyrevelferd skulle implementerast, i dette låg også at norske pelsdyrs velferd og levemiljø ville vera i front også for pelsdyr globalt.

Norsk husdyrhald har gode tradisjonar for, og er kjent for internasjonalt med å gå føre med utvikling av levemiljø og dyrevelferd for alle husdyr.  Med forslag om å gå inn for å avvikle pelsdyrnæringa i Norge, går regjeringa imot dette prinsippet med å gje avkall på denne leiarrolla, og gjer til at velferda for verdas pelsdyr går ei usikrare tid i møte.  Dette er uansvarleg, og eit brot på gode norske tradisjonar.

Pelsdyrhald er ei næring som høver godt for distrikta, og som eit godt alternativ og moglegheit for garder som har små ressursar, sidan næringa er lite arealkrevjande.

Pelsdyrnæringa er også ein viktig del i verdikjeda gjennom utnyttelsen av biprodukt frå slakteri og fiskeriindustrien, i pelsdyrfòret.  Av dette blir det skapt pelsskinn som eit miljøvenleg og nedbrytbart produkt, i motsetnad til erstatningar som ofte kjem av miljøfiendtlege plastråstoff, framstilt av olje.  

Buskerud bondelag aksepterer ikkje at ein av våre næringar kan bli påført næringsstopp, med den usikkerheita dette medfører for våre bønder.  Det er ikkje akseptabelt at politikarar er så uforutsigbare om rammebetingelsar for landbruket og anna næringsliv, som det regjeringa legg opp til her.   

Vi meiner at Stortingets vedtak om berekraftig utvikling for pelsdyrnæringa med fokus på dyrevelferd må oppretthaldast, og at næringa heller blir stimulert til auka vekst, gjennom å sikre forutsigbare rammebetingelsar for ei god distriktsnæring.