Det he surra som i ei bikube i den gamle militærleiren på Evjemoen heile denne veka. Natt og dag.
Alt måndag morgon var dei fyrste dugnadsfolka på plass. Så he det gjenge slag i slag kvar einaste dag heilt fram til den offisielle opninga fredag ettermiddag.
Då var ei imponerande maskinutsilling på plass. Kokkelaget serverte både stuttreiste komper, lettsalta lammekjøt og rjomegraut av aller beste slag. "Nøgne Ø "serverte  kolsvart øl - og den populære gjengen frå "Spisekroken" på Evje hadde teke med seg rykande ferskt bakverk til messeområdet.
Jan Kløvstad kapra stadig nye kundar til partiet Venstre - medan representantane frå partiet "De Kristne" tykkjest slite meir med å få omvendt trauste sauebønder frå Sirdal, Bygland og Dåsvannsdalen.



Åse Ingebjørg Flateland var fyrst av alle inne på stemneplassen denne morgonen.
Ho sytte for at gjestane vart møtt av eimen av solturka bjørkeved frå Setesdal Vesthei- og ekte bålkaffe.
(foto: øystein moi )

 


Det vert stadig færre dyr å sjå på landbruksmessene no om dagen.
Ei og anna høne slengjer likevel innom messa på Evjemoen i løpet av helga.
( foto: øystein moi )
 


Kvifor ser du  så forbanka trist ut ... ???
( foto: øystein moi )

 


Kva hadde vel livet vore utan stolte, flotte - og knalltøffe bygdekvinner...  
( foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Foto: øystein moi

 


Peter Søttrup, frå Iveland Landbruksservice, med ein sjølvprodusert gjødselomrørar.
Kortreist landbruksreiskap av beste slag.  ( foto: øystein moi )

 


Godt spreidd, øve heile bygda, finn du i desse dagar slike vegskilt. ( foto: øystein moi )

 


Frolendingen Frank Sigvaldsen tek mål av seg til å fylle opp heile marknaden med
"verdas beste"vedmaskin. ( foto: øystein moi )

 


Det er her du finn det beste tilbodet på proffesjonelt verktøy, og tøy, seier jentene i kor ..
( foto: øystein moi )

 


- Få vekk det forbaska fotografiapparatet - no vil eg ha fred og ro. No vil eg køyre traktor. Alleine.
( foto: øystein moi )

 


Edle dropar - frå Lyngdal. ( foto: øystein moi )

 


Helsekost. Velsmakande  - heilt uimotståeleg.  ( foto: øystein moi )

 


Aurebekk Gartneri - hjarteleg tilstades. ( foto: øystein moi )

 

Det aller beste frå Høgetveit Gård på Evje.
Wenche og morellane. ( foto: øystein moi )

 


Inger Liv og Kristin sytte for at gjestane vart teken vel imot på Bondelaget sin stand.
(foto: øystein moi )

 


To staute karar. To umåteleg gilde gutar. Olav Greibrokk frå Grendi (t.v.) og Alv Vinjerui 
frå Hægeland. Her er mykje godt bondevet samla på få kvadratmeter. ( foto: øystein moi )

 


Brått så kan denne solstråla verte ny ordførar i Iveland ...
Stortingsvalet i neste månad kan verte spanande på meir enn ein måte for Berit Hauan.  
( foto: øystein moi )

 


Evje & Hornnes kommune hadde plukka frå øvste hylle då dei skulle finne tilsette som kunne
marknadsføre kommunen. På Naturligvis. Varme smil, godt humør -
og himla gode drops. ( foto: øystein moi )

 


Og skal du nokon gong på tur, ut i den store verda, ja då stiller
gjerne heidersmannen Olav Risdal som vognførar.
Olav er betre kjend i Berlin, Praha og Paris enn kva han er i Hovlandsdalen - eller på Stoa.
Olav he vore turbilssjåfør i 38 ulike land på jordkloda. 
(foto: øystein moi )