Åse Ingebjørg Flateland er konsulent, og ein sentral person, når den lokale verksemda Rysstad Laftebygg as kvart einaste år finn sin tilmålte plass inne på stemneplassen på Evjemoen.

Flateland seier at «Naturligvis» er ein særs viktig møteplass for verksemda – og ikkje minst ein marknad kor dei kan sjå attende på godt sal. År etter år.
- Ja det er beint fram ikkje langt unna at me sel like mykje på messa på Evjemoen - som me gjer på Dyrsku’n i Seljord.
På «Naturligvis» kjem me sjølvsagt i kontakt med mykje folk frå nærområdet. Her treff me mykje kjentfolk – og me møter folk som kjenner verksemda vår frå ulike sider. Frå innsida – og frå utsida. Gode og trugne kundar frå grannelaget. Kundar som gjerne vil stø opp om det lokale næringslivet, og kundar som ser verdien av stuttreiste og solide laftebygg. Me er på mange måtar verksemda for dei som vil ha norske laftehytter frå Setesdal med rot i norsk handverkstradisjon.
Ja  eg gler meg alt til neste messe, i  august 2018, seier Åse Ingebjørg – travelt oppteken med å take seg av nye kundar.  På telefon – og ikkje minst inne i salslokalet i Industrivegen på Rysstad.

 

Denne smilande og umåteleg trivelege karen heiter Tore Tveit, og han er driftssjef på Evjemoen.
Det er såleis Tore som på ein måte er vertskap for t.d alle utstillarane som gjester "Naturligvis" kvart år.
Utstillarane som på mange måtar er sjølve grunnfjellet i heile arrangementet.
- Dette er eit arrangement som me verkeleg satsar på i åra som kjem, seier Tveit - og nemner i same andedrag at Evjemoen Næringspark berre det siste året he investert fleire hundre tusen kroner i oppgradering av både sanitæranlegg, eliktriske anlegg og infrastruktur på heile området.
Me fær stort sett berre gode tilbakemeldinger frå kundane våre - og det er ei stor glede å ha Dykk på besøk.
Alle i hop.
No ser eg fram til ein ny folkefest i august - og er det noke dykk lurar på, eller det noke dykk meiner me bør gjere så annleis, ja så ikkje nøl med å take kontakt.
Her på Evjemoen gjer me alt som stend i vår makt for at dykk skal trivast.

Me let dette ærlege og ekte smilet vere vårt kjenneteikn, vårt varemerke  i det vidare arbeidet fram mot "Naturligvis 2018"     ( foto: Geir Daasvatn )

 

 

Skål for eit vellukka arrangement - og helse i kvar einaste  dråpe, garanterte  desse to Tine-ambassadørane då dei Naturligvis på Evjemoen.
(foto: øystein moi )