Ein triveleg møtestad - eit viktig utstillingsvindaug

Av Øystein Moi,
  • Tips en venn om denne siden

Flateland
Foto: øystein moi

Ei uhøgtideleg telefonrunde til nokre av utstillarane som var tilstades på "Naturligvis 2017" på Evjemoen ber bod om ei særs vellukka messe. Ein sosial møtestad, ein viktig salgsarena - og eit vidope utstillingsvindaug for lokalt og regionalt næringsliv. Mat og landbruk medrekna. Åse Ingebjørg Flateland (bilete)var hjarteleg tilstades. (foto: øystein moi )

Åse Ingebjørg Flateland er konsulent, og ein sentral person, når den lokale verksemda Rysstad Laftebygg as kvart einaste år finn sin tilmålte plass inne på stemneplassen på Evjemoen.

Flateland seier at «Naturligvis» er ein særs viktig møteplass for verksemda – og ikkje minst ein marknad kor dei kan sjå attende på godt sal. År etter år.
- Ja det er beint fram ikkje langt unna at me sel like mykje på messa på Evjemoen - som me gjer på Dyrsku’n i Seljord.
På «Naturligvis» kjem me sjølvsagt i kontakt med mykje folk frå nærområdet. Her treff me mykje kjentfolk – og me møter folk som kjenner verksemda vår frå ulike sider. Frå innsida – og frå utsida. Gode og trugne kundar frå grannelaget. Kundar som gjerne vil stø opp om det lokale næringslivet, og kundar som ser verdien av stuttreiste og solide laftebygg. Me er på mange måtar verksemda for dei som vil ha norske laftehytter frå Setesdal med rot i norsk handverkstradisjon.
Ja  eg gler meg alt til neste messe, i  august 2018, seier Åse Ingebjørg – travelt oppteken med å take seg av nye kundar.  På telefon – og ikkje minst inne i salslokalet i Industrivegen på Rysstad.

 

Denne smilande og umåteleg trivelege karen heiter Tore Tveit, og han er driftssjef på Evjemoen.
Det er såleis Tore som på ein måte er vertskap for t.d alle utstillarane som gjester "Naturligvis" kvart år.
Utstillarane som på mange måtar er sjølve grunnfjellet i heile arrangementet.
- Dette er eit arrangement som me verkeleg satsar på i åra som kjem, seier Tveit - og nemner i same andedrag at Evjemoen Næringspark berre det siste året he investert fleire hundre tusen kroner i oppgradering av både sanitæranlegg, eliktriske anlegg og infrastruktur på heile området.
Me fær stort sett berre gode tilbakemeldinger frå kundane våre - og det er ei stor glede å ha Dykk på besøk.
Alle i hop.
No ser eg fram til ein ny folkefest i august - og er det noke dykk lurar på, eller det noke dykk meiner me bør gjere så annleis, ja så ikkje nøl med å take kontakt.
Her på Evjemoen gjer me alt som stend i vår makt for at dykk skal trivast.

Me let dette ærlege og ekte smilet vere vårt kjenneteikn, vårt varemerke  i det vidare arbeidet fram mot "Naturligvis 2018"     ( foto: Geir Daasvatn )

 

 

Skål for eit vellukka arrangement - og helse i kvar einaste  dråpe, garanterte  desse to Tine-ambassadørane då dei Naturligvis på Evjemoen.
(foto: øystein moi )

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innstiller på gjenvalg av Birte Usland

Valgnemda innstiller på gjennvalg av Birte Usland, fra Marnardal, som medlem av hovedstyret i Norges Bondelag.Valg av nytt styre skjer på årsmøtet til Norges Bondelag på Lillehammer 6.-7. juni 2018.

Inngår jordbruksavtale med staten

Jordbruksorganisasjonene har blitt enige med staten om jordbruksavtale for 2019. Onsdag kveld ble Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag enige med staten om en jordbruksavtale - etter ni dager med forhandlinger.

Jordbruk blir dårligere butikk

I fjor vår vedtok stortinget at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduseres. Med regjeringas nåværende tilbud vil det motsatte skje.

Bli med oss på dugnad – Naturligvis

Styret har vedteke at det i år blir utbetalt ei godtgjersle på 100.- kroner for kvar utført arbeidstime. Dette er ei godtgjersle som vert utbetalt til det laget / den organisasjonen som vedkomande dugnadsarbeider representerer.

Forgard

Hallvard Forgard

30 år gamle Hallvard Forgard satsar for fullt som gardbrukar på slektsgarden i Åseral. Gardsvegen nr 111 i den bygda kor mjølkebilsjåføren he fri heile sumaren. Halvard he tru på framtida. No utvidar han fjoset og byggjer ny tårnsilo.

Då Marit Gunn steikte pannekaker og Kåre opna døra til sauefjoset

Fantastiske ambassadørar for landbruket på heile Agder. Marit Gunn Tveit er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag og nestleiar i Aust-Agder Bondelag. Mannen hennar, Kåre, er fylkesleiar i Aust-Agder Sau & Geit. Framifrå fagfolk. Gjestfrie og venesæle på alle vis. Måndag ettermiddag tok dei mot meir enn 100 gjestar heime på gardstunet

Lyngdalskyr

Reinert, Lyngdalskyra - og steingjerdene

Han he dreve gard på Kjølleberg, på Lista, i snart 40 år. Lyngdals-kyra he sin naturlege plass i fjoset, i hop med 149 andre firbeinte vener. - Det er mest for nostalgien, seier Reinert Kjølleberg. Vel vitande om at ho produserer vesentleg mindre mjølk enn kva andre rasar i same yrkesgruppa kan prestere i dag.

Fjor

700 personar på gardsbesøk på Heddeland.

Eigentleg ville me setje opp nytt fjos med trevirke som byggemateriale - men reknestykket synte raskt at dette ville forlenge byggeperioden med bortimot eit heilt år, og prislappen vart brått 1,5 millionar høgare.Me er strålande nøgde med resultatet. 19. oktober tok Sjur og Kari i bruk det nye fjoset. Sist helg var det folkefest - eller folkevandring om du vil. I fjoset på Heddeland. "Åpent fjøs" samla meir enn 700 skodelystne.

Jørund sender dyra på fjellbeite

Jørund Kvaale Hansen er gardbrukar på Nedre Kvåle i Bygland. Einaste grisebonden i heile Setesdal - og i det nye fjoset er det triveleg husvære for om lag 60 storfe. Garden he vore i slekta i meir enn 600 år.

Ei fotografisk helsing frå Skjeggedal.

Jannicke Modell Røhmen er lokallagsleiar i Åmli Bondelag. Ho er busett på garden Skjeggedal - og i dag he ho, i fylgje eigne ord " dukka ned blant dei digitale møllkulene heime på loftet." Me er svært takksame for dei fine bileta Jannike har sendt oss. Eit klårt og stemningsfullt vitneprov på at dei lever eit godt liv inne på Skjeggedal. Både folk og dyr. Indre Agder på sitt aller beste. Ikkje så himla langt unna korkje Froland - eller Mykland.

Dokkedal

Leverer 250 tonn med tidligpoteter hvert år

Tom Sigurd Dokkedal er potet - og grønnsaksbonde, sentralt plassert i Reddal. Midt i det som truleg er det beste matfatet i heile Aust-Agder. Ein triveleg kar som jamnleg reiser til varmare strok når batteria, og lekamen for øvrig, treng lading og påfyll.

Dette skjer i Agder

Onsdag
06
Juni

Årsmøte i Norges Bondelag

Lillehammer
Fredag
17
August

Naturligvis 2018 - Evjemoen

Evjemoen

Våre samarbeidspartnere