Barnas Husflidlag, med meir enn 100 personar vitja Sagvollen i Lillesand. Barn, foreldre og besteforeldre. Alle hadde dei ein triveleg, sosial - og ikkje minst triveleg dag.
Vårsola og den etterlengta varmebølga heldt seg unna, men inne i fjoset - og oppe på låven var det både lunt og koseleg.
Det vart servert nysteikte pannekaker og sveler - og på grillen låg det brunsvidde og kortreiste pylser.
Mat nok til alle.
Ute på tunet leika ungane på gamalt vis, heilt utan både mobiltelefon og andre moderne EDB-maskinar. Dei tevla i ringspel og kasting av erteposer. Dei gjekk på stylter - og dei elta kvarandre med smil og latter rundt på grasvollen.

- Mest populært var likevel nærkontakt med dei små lamma ute i koppelambingen, og ikkje minst stunda då kvar einskild av småtassane kunne halde kvar sin nykleket kjukling i fanget, seier Marit Gunn.
- Ja det var beint fram så populært at det var vanskeleg å få med seg alle borna heim då dagen gjekk mot slutten. Men det vart sanneleg ein meiningsfull ettermiddag for meg og Kåre au, seier Marit Gunn før ho på ny legg vegen mot sauefjoset.
Det vert lange dagar, stutte netter og lite søvn på Sagvollen på denne tida. Midt i "lammetåka."


Foto: privat

 


Foto: privat