Det er den varmaste dagen på Sørlandet så langt denne våren. Kvikksylvet passerer snart 30-talet, og eg set meg i tenestebilen med stø kurs mot Tvedestrand og Lyngør. 
Sjølvaste sumarparadiset for mange austlendinger. 
Eg er på veg for å møte to særeigne  - og svart så dugande og venesæle grisebønder.
Utanfor det lokale kjøpesenteret "Grisen" venter Knut Helmer Feltstykket. Ein smilande bonde - og ein blankpolert John Deere. Dei  er  båe på veg til sin gode ven - og kollega Øyvind Fossdal for å hente dagens fyrste tilhengerlass med smågris. 40 i talet.


Ein naturleg møteplass når ein venter på fylkesleiaren i Norsvin. (foto: øystein moi )

 

Vegstrekket frå sentrumsgata i Tvedestrand og ut mot Dypvåg og Lyngør klorer seg fast i fjellknausane på ein imponerande måte. Smal og kronglute. Like imponerande er det å sjå korleis Knut Helmer manøvrerer både traktor og tilhenger gjennom landskapet. Stø kurs. Han blunkar lite. Han held jamn fart - og han helsar på alle. Både fastbuande og vegfarande.
Dei er for kjendiser å rekne her ute i skjærgården. Både Trygve Hegnar og Knut Helmer Feltstykket.

Heimebaka stomp av aller beste slag. (foto: øystein moi )

 

Ekteparet, grisebøndene, Britt Elisabeth og Øyvind Fossdal, tek i mot bladfyken på
ein måte ein sjeldan opplever i denne bransjen. Gjestebod på kjøkkenet. Ei høgtidsstund.
Dei er båe to engasjerte i gardsdrifta, men Britt Elisabeth som er utdanna kokk driv og si eiga verksemd utanom garden. Designkokken er ei verksemd som m.a. bruker omkvervet “Vi yter mer når vi nyter” – god og riktig mat er viktig for oss alle. "



Britt Elisabeth er godt førebudd når ho ventar gjestar til gards.
Salta svinenakke som he ligge 8 timar i vannbad - i 80 gradar.
Eit kulinarisk høgdepunkt som det er heilt uråd å beskrive med få ord.
Det må opplevast. Eg var heldig og fekk oppleve dette. (foto: øystein moi )

 

Det vart eit langt bordsete. Eit gildt bordsete. Eit minnerikt - og eit lærerikt bordsete.
Bånda mellom Knut Helmer og Øyvind er tette. Gode vener, kamaratar, omgangsvener - og yrkesbrør.
Øyvind produserer grisungene som Knut Helmer forer i 70 dagar - før dei ender sine dagar ein eller annan stad i det nasjonale slakterisamvirket.
Kvart årt henter Knut Helmer 2100 grisunger i tunet hjå Øyvind.
- Fast leveranse, seier dei båe i kor. Ein effektiv måte å handle på. Ei forretningsmodell som gjer at dei båe to lett kan innordne seg marknaden den dagen det raude ljoset blinker - og det er overproduksjon av grisekjøt.
- I staden for å selje kjøtet på spotmarknaden kan eg mykje heller redusere talet på grisepurker for eit bel når det er tale om overproduksjon. På denne måten kan eg sjølve vere ei viktig brikke i marknadsreguleringa - seier Øyvind.
Knut Helmer nikker samtykkjande medan han forsyner seg dugeleg med ein ny porsjon av husets eigen lettsalta svinenakke. Majones på kjaken og glimt i augo.
- Sjølvsagt treng me Nortura som den leiande marknadsregulatoren - som den viktige aktøren me treng for å halde einskilde produsentar i nakkeskinnet.
Me treng ein sterk markedsregulator og me treng eit effektivt landbrukssamvirke - men endå ei gong vil eg understrke at på kvar enkelt bonde, kvar enkelt produsent, så kvilar det eit tungt ansvar.
Som i næringslivet elles. Seier Knut Helmer Feltstykket.


Britt Elisabeth og Øyvind. Glade i kvarandre. Glade i livet - og særs nøgde med
eigen arbeidsplass. Nøgde bønder med eit sjeldant godt humør.
- Ikkje alle dagar er like ljose, men opptimisme, framtidtru og godt humør hjelper
dei fleste gjennom grå dagar og tunge tider.   (foto: øystein moi )

 


Små detaljar frå eit triveleg og velstelt gardstun. (foto: øystein moi )

 


Trygg transport og god dyrevelferd heng nøye i hop. (foto: øystein moi )

 

SPF - satsinga er på mange måtar sjølve berebjelken i den særs vellukka griseproduksjonen hjå Fektstykket og Fossdal. Eit kvalitetsstempel som gjev både tryggleik i kvardagen, i arbeidsdagen - og som på mange måtar er ein garantist for god dyrevelferd. Norsvin har som eit høgthengjande mål at alle grisebestninger i Noreg skal vere SPF-sertifiserte innan 2030.


- Takk for handelen. Dagens fyrste lass, 40 sprelske "Skjærgårdsgriser" er klare for
den 14 km lange transportetappa heim til fjoset til Knut Helmer. ( foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Foto: øystein moi

 


Foto: øystein moi

 

- Nå må du take mange fine bilete, seier Knut Helmer då me parkerer heime i tunet.
- Dette kan vere siste sjansen du fær.
Myrke skyer heng i lufta øve den velstelte garden. I verste fall kan Knut Helmer, og kona Bente, få
ein 4-felt motorveg ( Nye E-18) beinveges gjennom Syrinhekken, kjøkkenbenken og forbrettet.
Han smiler likevel, grisebonden. Ser ikkje problemet. Ser berre utfordringer. 
Godt humør - og framtidtsru. Kvilepuls og gode dagar. Som sørlendinger flest.


Foto: øystein moi
 

 

 


Foto: øystein moi