Som dugnadsarbeider får du sjølvsagt gratis inngong til heile messeområdet – og ein eigen billett vil sikre deg nok mat og nok drikke under heile økta.
Me vonar med dette at du set av nokre trivelege timar til viktige dugnadstimar på Naturligvis 2018.

Midt i den travlaste våronna ber me difor om løyve til å minne deg om den årvisse mat – og landbruksmessa Naturligvis, på Evjemoen.
I dagane 17. – 19. august vonar arrangøren å samle kanskje så mykje som 15 000 gjestar innanfor portane i Nordre Leir.
Arbeidet med årets messe er i full gang. Interessa blant nye – og tidligare utstillarar er aukande. Oppslutninga ser ut til å verte rekordstor.
Ny prosjektleiar, nye folk i arrangementsstaben – og ikkje minst eit stadig tettare samarbeid med Evjemoen Næringspark gjer at me i år har stor tru på at me skal klare å arrangere den beste messa nokon gong.
Me vil setje trivsel - og det gode humøret i førarsetet. Trivsel og godt humør blant utstillarar, blant publikum – og ikkje minst blant det store korpset av friviljuge dugnadsarbeidarar frå dei mer enn 20 eigarorganisasjonene.
Når portane vert lukka og låst, søndag kveld -
 
den 19. august, skal me kunne sjå attende på trivelege dager saman med naboar, gode vener, yrkesbrødre – og vilt framande folk fra heile Sørlandet.


Me let
Wenche Rundsag Høgetveit , frå Evje,  representere den gode stemninga -og det varme smilet som me
kvart år finn blant trugne utstillarar og tilreisandegjestar frå heile Sørlandet. ( foto: øystein moi )


Me vil i år opprette eit eige «dugnadssenter» kor folk skal bli tatt godt i mot.
Her vil me servere kaffe, mat, gode historier – og her kan våre dugnadsfolk hente
ut all nødvendig informasjon som trengs for å utføre dei tildelte oppgåvene.
Her, i trygge omgjevnader, kan dei kvile både føtene og hovudet når lekamen
etterspør slikt.

Naturligvis 2018, truleg det beste og flottaste utstillingsvindauge for næringa vår
– på heile Agder. Mat og landbruk - den viktigaste næringa i heile verda.
Kontakt din lokallagsleiar i Bondelaget for påmelding / nærare informasjon.

Lokallagsledere Aust-Agder                                     Lokallagsledere Vest - Agder

Du kan og kontakte messekontoret direkte:
post@landbruketsdag.no 
eller Agderkontoret (Bondelaget) :
agder@bondelaget.no