Kari er oppvaksen her på garden. Sjur, eller drengen som han sjølv kallar seg, kom inn i bilete på eit langt seinare tidspunkt. På ein heilt naturleg måte. Kjærleik.
Garden femner omlag 500 da - men berre 50-60 da av dette er å rekne som dyrka mark. Med ei mjølkekvote på 220 tonn seier det seg sjølve at matfatet må fyllast med gras frå stort sett heile grannelaget. 
- Me leiger jord på totalt 15 ulike gardsbruk rundt i kommunen, seier Sjur og stadfester at det vert mange timar - og mange kilometer i traktoren når grovforet skal i hus.


Det aller meste i dette fjoset er heilautomatisert. Foring, mjølking og reingjering.
Arbeidsviljuge robotar ordnar opp i det aller meste. (foto: øystein moi )


Kari he god øvesikt til både kyr, kalvar og robotar frå skinnsofaen på kontoret i 2. høgda.
(foto: øystein moi )

 


Det vert lange og strevsame dagar, seier Sjur, men er likevel glad for at maskinane
he teke over mykje av det tyngste arbeidet. Før lempa eg ofte 2-3 tonn med silofor
kvar dag - og trillebåra var den viktigaste fylgjesveinen i fjoset.
I dag tek maskinane seg av slikt. Sjølv om bilete talar sitt eige språk -
så vert det vel likevel noko drygt å kalle Sjur for "sofabonde".  Eg tek sjansen likevel ..
(foto: øystein moi )

 

Det er reint, ryddig og triveleg i driftsbygningen på Heddeland. Golvet er grønmåla
og blankt. Det er ljost og triveleg - og god ventilasjon syter for at fjoslukta er bortimot
fråverande. Grunnflata på heile bygningsmassa er 1500 kvm.
Me tek bordsete i kaffekroken. To stolte gardbrukarar, Kari og Sjur, fortel innlevande
om både planleggjing, byggeprosess, det daglege livet på garden - og ikkje minst om
dei ulike tekniske løysingene som gjer kvardagen i fjoset både lettare og trivelegare.
Ein raudmåla "koloss" kjem brått farande bortetter fjosgolvet - med stø kurs mot både
bladfyken og kaffebordet.
- Slapp no av, seir Sjur og ler så det ljomar i betongkonstruksjonen på hi sida av forbrettet.
- Han skal berre ut i skålen og hente meir for til kalvane, i binge nr 6 .....


Her kjem han, den ildraude jækelen.  Roboten er på veg ut i skålen for å hente
meir mat til kyrne. (foto: øystein moi )



Eit pilotprosjekt. For fyrste gong, i heile verda, er det montert eit slikt heilautomatisk
foringsanlegg. Maskinen til høgre er ein for - blandar, i midten ein rundballekuttar og
heilt til venstre er maskinen som henter, transporteter og fordeler foret inne i fjoset.  
Alle maskinane kommuniserer med kvarandre. Dei he sitt eige språk. Ein eigen dialekt.
( foto: øystein moi
)

 


Roboten tek seg jamnleg nokre turar fram - og attende på forbrettet og sjekker kor
mykje gras som ligg framføre kvar binge. Når noko manglar så er han rask med å
hente ei ny ladning. Roboten henter grovfor 6-8 gonger kvar dag.
( foto: øystein moi )


Det einaste som ikkje er styrt av robotar i fjoset hjå Kari og Sjur - er kaffetraktaren.
- Når du kjem attende neste gong, seier Sjur, så er eg heilt sikker på at eg skal ha
lært opp roboten til å servere både traktekaffe og nysteikte vafflar.

Takk for gjestfridomen. Takk for besøket. Eg kjem gjerne attende.
( foto: øystein moi)

 


foto: øystein moi