Sist veke var det storinnrykk på minkfarmen til Nikolay Valheim og Pauline Grødem. Dei har valt å satsa stort på mink og fekk besøk av både leiar i Norges bondelag, Lars Petter Bartnes, leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit og fleire inviterte politikarar og representantar frå pelsyrnæringa.

Målet for turen var ein presentasjon av pelsdyr- og ferdigfôrproduksjonen.

- Eg er imponert over kva dei har fått til. Det er utruleg kjekt å besøka engasjerte bønder som villig deler kunnskapen sin, seier Epletveit.

Etter besøket gjekk turen vidare til Sirevåg og Rogaland pelsyrfôrlag. Her vart det både tid til omvisning og ein diskusjon om både utfordringa og mulegheiter for næringa.

Rogaland pelsdyrfôrlag nyttar blant anna biprodukt frå næringsmiddelindustrien i produksjonen. Dette blir gjort om til råvarar for ferdigfôr til rev og mink.