Vil ha Landbruksdirektoratet til Rogaland

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Rogaland bondelag stiller seg bak ønsket om å få Landbruksdirektoratet til Rogaland.
Rogaland bondelag stiller seg bak ønsket om å få Landbruksdirektoratet til Rogaland.

Fylkesordførar og fylkesmann har gått saman for å få flytta Landbruksdirektoratet frå Oslo til Rogaland. Rogaland bondelag støttar dette og deltek i arbeidet med å få flytta arbeidsplassane vestover.

Regjeringa planlegg å flytta rundt 1000 statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden. Landbruksdirektoratet er blant kontora som kan vera aktuelle for flytting. Kor arbeidsplassane skal flyttast, skal greiast ut innan 1. juli i år. Rogaland er blant dei som nå har hive seg inn i kampen for å sikra fylket fleire arbeidsplassar.

Har skrive brev

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal har saman skrive eit brev til dei sentrale styresmakter. I brevet argumenterer dei to for kvifor Landbruksdirektoratet bør flyttast til Rogaland.

Rogaland er det fylket det blir produsert mest mat i Noreg. Fylket har eit særs aktivt landbruk og moderne industri.  

Fylket har også eit godt utvikla kompetansemiljø knytt til landbruket, både innan utdanning forsking og industri.

Færrast statlege arbeidsplassar

Det blir også trekt fram at Felleskjøpet Rogaland Agder i Stavanger har Skandinavias største kraftforfabrikk. Rogaland har også  det største miljøet i verda innan forsking på fiskefor.

Dessutan er Stavanger-regionen den storbyregionen i landet som har klart færrast statlege arbeidsplassar i forhold til folketalet.

Den aukande arbeidsløysa i Rogaland dei siste åra er også eit argument for at det bør flyttast fleire statlege arbeidsplassar til regionen.

Landbruket, forskingsinstitusjonar opg andre regionale aktørar er kopla inn for å leggja trykk på saka. Rogaland bondelag er ein av dei.

 

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere