Alle er velkomne rundt kjøkkenbordet til leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

Sist veke gjorde bondelagsleiaren plass leiar av Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, Geir Pollestad og Hanne Marthe Vatnaland. Pollestad og Vatnaland er 1.- og 2.-kandidatar på Senterpartiet si liste i Rogaland.

Epletveit fortel om ein gild og viktig samtale.

- Me snakka om markedsbalanse, importvern, beite, mjølkekvoteordninga og gjødslesforskrift, seier ho.

Korleis ein kan tryggja vassvegane i forkant av uver og korleis ein handterer situasjonen i etterkant, var også eit tema.

- Det vart ein god samtale og me fekk også tid til ein tur til beita våre, legg ho til.

For Marit Epletveit og Rogaland bondelag er det viktig å alltid ha ein god kontakt med alle parti.

I tillegg til Epletveit var også nestleiar i Rogaland bondelag, Kjell Andreas Heskestad med på møtet.