Vedum gjesta Gjesdal

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Senterpartiet gjesta leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.
Valkampen er i gang for fullt. Her er Senterpartiet, ved leiar Trygve Slagsvold Vedum (i midten), listetopp i Rogaland Geir Pollestad og andrekandidat Hanne Marthe Vatnaland på besøk heime hjå Tarjei Gjesdal og Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag. (Foto: Bondevennen)

Både importvern, beite og mjølkekvoteordninga var naturlege samtaleemne då senterpartileiaren kom på besøk til Marit Epletveit.

Alle er velkomne rundt kjøkkenbordet til leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

Sist veke gjorde bondelagsleiaren plass leiar av Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, Geir Pollestad og Hanne Marthe Vatnaland. Pollestad og Vatnaland er 1.- og 2.-kandidatar på Senterpartiet si liste i Rogaland.

Epletveit fortel om ein gild og viktig samtale.

- Me snakka om markedsbalanse, importvern, beite, mjølkekvoteordninga og gjødslesforskrift, seier ho.

Korleis ein kan tryggja vassvegane i forkant av uver og korleis ein handterer situasjonen i etterkant, var også eit tema.

- Det vart ein god samtale og me fekk også tid til ein tur til beita våre, legg ho til.

For Marit Epletveit og Rogaland bondelag er det viktig å alltid ha ein god kontakt med alle parti.

I tillegg til Epletveit var også nestleiar i Rogaland bondelag, Kjell Andreas Heskestad med på møtet.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere