Valmøte med fjoslokt i Vindafjord

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Toppkandidatar til fylkestingvalet i Rogaland var samla til valmøte tysdag 25. august. Frå dei ulike partia møtte Jarle Nilsen (Ap), Arne Bergsvåg (Sp), Vidar Samland (Sv), Svein Abrahamsen (V), Solveig E Tengesdal (Krf), Per Fatland (H) og Terje Halleland (Frp).

Alle lokallaga i Nord Rogaland var godt og engasjert representert. I tillegg møtte fleire lokalpolitikerar, leiiga frå våre to slakterier og representant frå transportnæringa. Til saman var 40 personar samla, først til ein liten runde i fjosen, før me hadde mat og innlegg på fjosloftet hjå Kari Synnøve og Jan Idar Haugen i Skjold.

 

Jan Idar Haugen ønskte dei frammøtte velkommen til gards, og hadde eit innlegg der verdiskaping og trygg mat var det sentrale temaet. Deretter var det innlegg ved Leif Malvin Knutsen frå Fatland og Britt Randi Stokkevåg frå Nortura Sandeid. Råvaretilgang, kvalitetsmat, tollvern, verdiskaping, samfunnsnytte og samferdsel var tema i innlegga deira. Uten bønder, ingen næringsmiddelindustri!

 

I tillegg til vertsskapet hadde lokallagsleiar og multibonde Johannes Vestbø i Sandeid innlegg om drifta på sin gard. Han og kona Marianne driv med fire middels store produksjonar på den sentrumsnære garden sin i Sandeid.  

 

Andreas Lundegård, for anledningen tittelert som "administrerende i Lundegårdgruppen" hadde eit innlegg om sine valg i forhold til gardsdrift i tillegg til full jobb ved Tveit rekneskap. Han forsvarte på ein god måte deltidsbonden si rolle i den totale verdiskapinga. På denne måten fekk med presentert produksjonen på tre aktive gardsbruk, der ein har gjort ulike stragegiske val for å møta framtida.

 

Kvelden vart avslutta med debatt mellom partia, der dei vart utfordra på distriktsjordbruk, stordrift kontra smådrift, kjedemakt, utdanning, jordvern, inntekstutvikling m.m. Debatten va trygt leia av Roy Erik Hettland frå Bjoa bondelag.

 

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere