Gangen vidare er at nå er forslaget overlevert Landbruksdepartementet. Landbruksdepartementet må samordne dei ulike forslaga frå landbruks- og miljødirektoratet. Om forslaget frå departementet ser ut som det som i dag ligg føre er det ingen som kan eller vil sei noko om. Det er Landbruksdepartementet sitt forslag til ny forskrift som kjem på høyring.

Forslaga som påverke vårt fylke mest:

  • Spreietida blir stramma inn  til 1. mars – 1. september. ( 15. februar 1. november)
  • Krav om 8 månader lagerkapasitet.
  • Bruk av mineralgjødsel vert trekt inn i forskrifta.
  • Mineralgjødsel kan berre brukast på areal som er godkjent som spreieareal. (innmarksbeite)
  • Krav om dekke over gjødsellager for husdyrgjødsel frå gris og fjørfe.
  • Utvida gjødslingsfri sone  mot vassdrag.
  • Forslag frå Landbruksdirektoratet:
    • Dagens krav om 4 da/GDE, 3,5 kg P pr da gjeld inntil vidare.
    • Om 5 – 7 år: skjerpa krav på 5 da/GDE, 3 kg P pr da
    • Om 10 år: skjerpa krav på 6 da/GDE, 2,5 kg P pr da.
  • Forslag frå Miljødirektoratet:
    • Går bort frå krav om spreieareal.
    • Gjødsling ut frå prinsippet om balansegjødsling
    • Men, maks 2,4 kg P pr. da. Tilsvarer 6,3 da/GDE
    • Om 5 år; 2,1 kg P pr. da. Tilsvarer 7, 1 da/ GDE

Med god agronomisk drift av våre areal innan alle produksjonar så kan vi i vårt fylke forsvare opp mot 3,5 kg/P pr da, 4da/GDA. God drift og høge grasavlingar på våre kulturbeite er eit viktig tiltak i denne debatten.