- Svartaste dagen som har vore på mange år

Av Marita Skeie,
  • Tips en venn om denne siden

Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2024/2025.

 

- Dette er horribelt. For eit år sidan gjekk fleire politiske parti for ei bærekraftig utvikling, no snur dei tvert om. Det er å halde folk for narr. 

Det seier Atle Roger Evebø, leiar i Fjordane Pelsdyralslag. Han fortel at det er 12 -14 personar som driv med pelsdyr i Sogn og Fjordane, og at han har fått mange tilbakemeldingar etter det vart kjent at Regjernga vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa.   

- Det er mange som er oppgitt over heile greia. Me trudde me skulle få fred nokre år no. Det kjem stadig nye lover og forskrifter og det er greit, men no er det blitt håplaust. 

 

Korleis ser du på vegen vidare no?

- Me får ta ting litt som det kjem, eg veit ikkje nok om kva dette innebær til å kunne uttale meg no. 

 

 

 

 

 

Vellukka gardsbesøk for 8.klasse

Torsdag 24.mai fekk Hovland Gard storfint besøk av 8.klasse ved Tangen skule i Årdal. Elevane fekk mellom anna jobbe med gjerde, mate kopplam og gå natursti. Sjå bilder frå dagen her.

Tapar 170 000  på marknad i ubalanse

Tapar 170 000 på marknad i ubalanse

- Å forhandle fram betre verkemiddel som kan nyttast til å få marknaden for svinekjøt i balanse vil vere det viktigaste for meg som svinekjøtprodusent i dette oppgjeret, seie Per Inge Midtbø.

Felde om tilbodet

Felde om tilbodet

Fredag 4. mai fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, sjå fylkesleiar Anders Felde kommentere tilbodet her.

Debatt - Hesten si rolle i samfunnet 3. mai

Debatt - Hesten si rolle i samfunnet 3. mai

Norges Fjordhestlag og Vestenfjeldske Travforbund inviterer til næringsforum under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Det blir introduksjon av tema ved føredragsholdarar frå Det norske travselskap og Norges Fjordhestlag. Deretter vert det debatt rundt hesten si rolle i samfunnet, og kva for tiltak som kan gjerast for at lokalsamfunnet blir meir tilrettelagt for hest.

Elevar på gardsbesøk

Elevar på gardsbesøk

1. til 4. klasse ved Breim skule var sist veke på gardsbesøk. Over 60 elevar fekk sjå sauer, lamb, kyr, kalvar og oksar. Det gjekk med 25 liter pannekakerøre og dei to eldste klassane laga seg fuglekassar. Kasseprosjektet skulle dei jobba vidare med på skulen, sjå bilder frå den vellukka dagen her.

Felde om kravet

Felde om kravet

Bondeorganisasjoneane sitt krav har ei økonomisk ramme på 1830 millionar kroner. Sjå Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, kommentere kravet her.

Henting av landbruksplast våren 2018

Henting av landbruksplast våren 2018

I veke 18 startar Tenden Miljø på ei runde med innsamling av landbruksplast over store delar av fylket. Sjå hentestader, tidspunkt og informasjon her.

Våre samarbeidspartnere