På det to dagar lange programmet stod fleire gardsbesøk, styremøte, kontakt med kollegaer i både Nord- og Sør-Trøndelag og Agrisjå.

Nisjeproduksjon

Den fyrste dagen vart via til gardar som har valt å satsa på nisjeproduksjon eller noko attåt den tradisjonelle drifta. Her var me blant anna innom eit godt bevart trøndertun, Ersgard, som i dag blir nytta som både kurs- og konferansesenter og selskapslokale. I tillegg til å vera arena for fleire kulturarrangement i løpet av eit år.

På neste stoppestad vart det satsa på mohairgeiter og garden har også ein eigen gardsbutikk med eigenproduserte produkt. Me gjesta også ein gard som har «Inn på tunet», der dei lagar opplegg for både skuleelevar og personar med vanskar innan rus- og psykiatri. Her har dei også gardsbutikk og ei satsing på gamle husdyrrasar.

Heile 11 gardar langs fylkseveg 26 sør for Stjørdalselva har gått saman om eit konsept dei kallar Route 26. Gardane ligg såpass nær kvarandre at gardsgjester kan sykla mellom dei.

Ammeku og korn

Fredag morgon gjekk turen til ei meir gjennomsnittleg gardsdrift i jordbrukskommunen Stjørdal, ei samdrift. Her vart det satsa stort på blant anna ammeku og korn og det vart rom for drøs om både felles og ulike utfordringar.

Mange gardbrukarar i Stjørdal har dei siste åra hatt store utfordringar med rovdyr. Rovdyrutfordringa gjer at fleire bønder har valt å slutta med sau og talet på sauebønder har minka kraftig. 

Bondelagsleiar i Nord-Trøndelag, Borgny Kjølstad Grande fortalde om både dei økonomiske og psykiske utfordringane bøndene møter når rovdyra går laus på sauene.

Som seg hør og bør når bønder møtest, vart også vêret tema for diskusjon.

Sommaren i Trøndelag har vore tørrare enn i Rogaland, men heller ikkje her har det vore optimale forhold i år. Til dømes startar korntreskinga to veker seinare enn normalen.

Agrisjå

Turen vart avslutta med eit besøk på landbruksmessa Agrisjå. Mange rogalendingar hadde teke turen opp for å få med seg ei variert og spanande messe.

Messa vart opna av Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Samanlikna med tidlegare år var messearealet i år dobla, men messeområdet var likevel fylt opp av utstillarar, skog- og landbruksnæringa og sjølvsagt mange gjester.