Åpen gard
Kvart år inviterer norske bønder til arrangementet Åpen gård.
Arrangementa er i regi av lokale bondelag.
I år er det 94 ulike "Åpen gård"-arrangement i heile landet.
3. september inviterer lokale bondelag til Åpen gård på Hjelmeland og på Øksnevad vgs (Klepp).

Sundag 27. august opna gardar i Rogaland dørene for publikum.

Både gardar i Bjerkreim og Helleland inviterte til gards, og i strålande sol og god temperatur kunne gardsgjestene få oppleva gardane og delta på fleire aktivitetar.

Bare på Holmen gard i Bjerkreim gjesta 770 personar garden denne sundagen.

Også neste sundag, 3. september, blir det arrangert Åpen gård i Rogaland. Denne gongen på Øksnevad vgs i Klepp kommune og på Hjelmeland. Arrangementa er i regi av lokale bondelag.

Eit besøk på Åpen gård er ein dag full av aktivitetar for heile familien. Gjester får møta dyra på garden og læra meir om kor maten vår kjem frå.

Sjå fleire bilete frå Åpen gård i Bjerkreim i bildegalleriet under.