- Stor stas å vinne

Av Marita Skeie,
  • Tips en venn om denne siden

Kjølsdalen Bondelag er kåra til årets lokallag i Sogn og Fjordane.

 

LEIAR I KJØLSDALEN BONDELAG: Kjell Arne Heggheim. 

 

 

- Eg hadde ikkje trudd at vi skulle klare det. Dette var over all forventning, vedgår Kjell Arne Heggheim.

Under Sogn og Fjordane Bondelag sitt årsmøte i Sogndal før helga, kunne lokallagsleiaren frå Kjølsdalen i Eid stolt motta beviset på at han leiar årets lokallag i fylket. Prisen var ein gåvesjekk til lokallaget på 10.000 kroner.

Kjølsdalen Bondelag får prisen mellom anna for sitt aktive vervearbeid. Lokallagsleiaren seier det har vore enkelt å verve nye medlemmer.

- Vi treff på folk. Seier så sant er at gardbrukarar bør vere medlem i Bondelaget. Så ringer vi gjerne opp og gjer det verkelege framstøtet. Studeleiaren vår og eg har lagt ned stor innsats, fortel Heggheim.

I tillegg til vervearbeid har lokallaget hatt fokus på kursing av medlemmene og sosiale samankomstar, og dei deltok aktivt i aksjonane i samband med jordbruksforhandlingane og det følgjande brotet. For innsatsen kan Kjølsdalen Bondelag altså gle seg over 10.000 kroner på konto.

- Pengane skal gå til noko som kjem medlemmene eller lokalsamfunnet til gode, lovar Kjell Arne Heggheim. 

 

Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Sogn og Fjordane slik:

Årets lokallag i Sogn og Fjordane har hatt god aktivitet gjennom året med ei rekkje arrangement som har styrka både det sosiale samhaldet, gitt medlemmene fagleg påfyll og gjort Bondelaget synleg i lokalmiljøet. Laget har mellom anna hatt kurs i varmearbeid, delteke i bålaksjonen, og arrangert studiering over tre kveldar i forkant av jordbruksforhandlinane. Då brotet i jordbruksforhandlingane var eit faktum, aksjonerte lokalaget ved å henge opp plakatar ved riksvegen.

Årets lokallag i Sogn og Fjordane har også støtta nytt skulekjøkken med 10.000 kroner.

Laget har i tillegg jobba hardt med verving, og ved nyttår hadde dei auka medlemstalet sitt med over 38 prosent.

 

 

Sv på tur til Hafslo

På besøk til Hafslo

20.juni fekk fylkesleiar Anders Felde møte SV sin næringspolitiske talsperson på Stortinget Torgeir Knag Fylkesnes og fylkesleiar i SV Vibeke Johnsen. Av tema som vart drøfta var rovviltpolitikken i beiteprioriterte område, småfe og beitebruk, struktur, klima, bærproduksjon og beitebruk sin verdi for kulturlandskapet i både inn og utmark.

Meieriet i Vik

- Anbefaler Gamalost

Sogn og Fjordane Bondelag har besøkt Tine Meieriet i Vik, sjå video frå besøket vårt her.

Gardsbesøk i Sundsdalen

Gardsbesøk i Sundsdalen

15.juni fekk 8. klasse på Halbrend skule i Førde reise på gardsbesøk. Ein av postane for dagen var gjeting av sau.

Avlingssvikt - dokumentasjon og erstatning

Avlingssvikt - dokumentasjon og erstatning

Gje melding til kommunen straks du er klar over skade på grunn av klima. For å kunne få erstatning for avlinga er det naudsynt å dokumentere skadane, skriv fylkesmannen på sine nettsider.

Eg hadde ein draum

- Korleis motverke at vi går frå bruk til endå meir vern av våre eigedomar? spurte styremedlem Nils Magne Gjengedal i sitt innlegg på årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer. Nedanfor kan du lese heile innlegget til Nils Magne

Årsmøte Norges Bondelag 2018

Årsmøte i Norges Bondelag

Utsendingane frå Sogn og Fjordane til årsmøtet i Norges Bondelag er på plass i årsmøtesalen, sjå bilder her.

Sognabær

Går ei travel tid i møte

Onsdag 30.mai besøkte me Sognabær AS på Vangsnes. Dei vart etablert i 2005, og består i dag av tre produsentar. 

Våre samarbeidspartnere