Steinar i 100

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Steinar Lima vart 100 år 8. august og er det eldste medlemmet i Norges bondelag.
Steinar Lima vart 100 år 8. august og er det eldste medlemmet i Norges bondelag.

Steinar Lima er det eldste medlemmet i Norges Bondelag. Mandag 7. august runda han 100 år.

Det er ein grå dag på Lima i Gjesdal. Skyene har nesten krope ned til hustaket, men innanfor er det kaffilukt og restekake. Bukett på bukett med fargerike blomar og gratulasjonskort fortel at det har vore ei spesiell veke. Det mest spesielle kortet står utstilt i hylla og er underskrive av Kongen sjølv.

- Alt dei finn på, humrar hovudpersonen sjølv, Steina Lima frå godstolen i stova. Han bur på garden saman med kona, Malli. I nabohuset bur sonen, som i dag er bonden på garden.

Sjølv om det er spesielt å runda 100, tykkjer Steinar helst det blir litt mykje merksemd, men slår gjerne av ein landbruksprat med leiar i Rogaland bondelag og sambygding, Marit Epletveit.

Det som alltid har lege Steinar nærast er garden og landbruket. Inntil for tre år sidan var han med i fjoset, og til han var langt over 90 sov han i fjoset under lemminga og hadde mesteparten av ansvaret for sauene på garden.

Gratulasjonen frå Kongen står godt synleg i bokhylla.

- Det har vore ei veldig utvikling

Sjølv om han ikkje er med i drifta lenger, følgjer Steinar godt med og syns det er fasinerande å sjå den utviklinga jordbruket har vore gjennom.

- Når ein ser på jordbruket dei 100 åra eg har levd, så trur eg ingen andre generasjonar har opplevd den utviklinga min generasjon har, seier han og deler minne om hardt arbeid for hand.

- Eg hugsar så vidt at me slo med ljå, men så fekk med ein slåmaskin som vart dregen av to hestar. Då syns me det stod godt til. Ja, det har vore ei veldig utvikling, det må eg seie, særleg når det gjeld maskinar, seier 100-åringen.

Han fortel om nydyrking med spett og spade og graving av veider for hand. Då sauene skulle på beite, måtte dei følgjast til fots.

- Me brukte fem-seks dagar opp til beitet og måtte sova ute eller krypa inn i ei løe der det gjekk. Det var eit slet. Det var eit veldig framskritt då me fekk bilar, slår 100-åringen fast.

Frå handmjølking til robot

Steinar har også opplevd heile utviklinga frå mjølking for hand til mjølkerobot.

- Me hadde rundt 15-18 kyr, men eg var ikkje åleine om mjølkinga. Det var fleire folk på gardane då. Me hadde både dreng og tenestejente. Eg hugsar godt då me fekk spannmaskin. Me var veldig spente på korleis det skulle gå, men me vende oss veldig fort til. Då roboten kom var, var det godt å sleppa desse store spanna, fortel han og kikkar mot fjoset.

- Eg skjønar godt at maskinar tok over. Det var rolegare på ein gard før, men utviklinga har vore uungåeleg. Vil du vera med, må du følgja med, seier han og legg til at det nok ikkje alltid er like lett heller.  

- På dei store gardane på Jæren går det, men det er nok mange i utkanten som vil detta ut, trur den tidlegare bonden.

Men kva med vêret? Det som har vore det store samtaleemnet i sommar. Er det den verste sommaren på 100 år?

- Dei seier at manns minne er kort når det gjeld vêret, ler 100-åringen.

 

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere