Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, tok initiativ til fellesmøtet etter at Mattilsynet oppdaga fleire brot på dyrevelferdsregelverket i Rogaland i ein pågåande, varsla inspeksjonsrunde hjå svineprodusentar i fylket.

 

Vegen vidare

Måndag var ulike faglag i fylket samla for å snakka om situasjonen som har oppstått og vegen vidare.

- Me begynner her med dette møtet. Målet i fyrste omgang er å få oversikt over situasjonen og leggja ein plan for det vidare arbeidet, seier Epletveit.

Ho meiner faglaga må stå saman for å sikra at ein unngår at slike lovbrot skal skje i framtida.

 

Tek avstand

Rogaland bondelag tek sterk avstand frå dårleg dyrevelferd.

Epletveit reagerer på dei tilhøva som Mattilsynet har avdekka.

- Desse sakene er bare triste. Me skal stella godt med dyra våre og følgja regelverket. Det er sterkt beklageleg med brot på dyrevelferdslova, seier ho, og legg til at det er viktig å ha respekt for arbeidet Mattilsynet gjer.

- Me vil gjera det me kan for at dialogen mellom næringa og Mattilsynet vert best muleg, lovar Epletveit.