Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Rogalandslandbruket er samansett og variert, frå dei heilt store gardane til dei små bruka.
Rogaland bondelag presenterer i ein artikkelserie ulike rogalandsbønder.

Som 16-åring fekk Serine spørsmålet frå onkelen: Vil du ta over garden vår når du bli 32?

Eit vanskeleg spørsmål å ta stilling til for ein 16-åring som akkurat har begynt på jordbruksskulen.

- Ein sein kveld i Egersund, fann eg ein nordlending på Shell. Han ville vera med, så då vart det sånn, smilar Serine.

I 1998 gifta dei to seg på låven og starta både samlivet og gardslivet på Syltreholen, ein liten gard med 49.000 liter i mjølkekvote og 43 mål dyrka mark.

Mjølk og sau

Som dei fleste gardane i Bjerkreim har også familien på Syltreholen mjølkeproduksjon og sauer.

- Me har i dag ein kvote på 76.000 liter som me tvilheld på. Det er for lite til lausdrift, men me må sjå kva framtida bringer, seier Serine.

I dag er det 15 kyr på garden, i tillegg til 140 sauer med lam.

Frå ekteparet tok over garden, har dei auka frå 43 mål dyrka mark til 130. Beitet har også blitt merkbart større, frå 57 mål til heile 450 mål kultivert beiteareal.

Ja til minkskit

Dei to har hatt god hjelp av at bror til Serine bygde minkfarm på garden.

- Då han spurte om å få byggja her hjå oss, sa eg: Ja, viss eg får skiten, ler Serine, sitjande på ein stein midt i det grønaste kulturbeitet. Kalenderen kviler på starten av mai.

Seks kilometer veg har blitt bygd og utmark har blitt kulturbeite. Ein steingard skil mellom grønt og brunt. Tidleg på våren er skilnaden størst og det ser ut som nokon har teikna ei linje med linjal og farga brunt på eine sida og grønt på andre. Og det er nettopp takka vera gjødsel frå mink at ekteparet har kunna gjødsla beitet.

- Me har tatt område for område, fortel Serine, som er oppvaksen på minkfarm på Hommersåk og utdanna gartnar.

Fire barn på fem år

Etter at Serine og ektemannen starta som bønder, kom fire ungar på fem år. Dessverre har Serine hatt helseproblem etter svangerskapa. I dag er ungane 18, 16, 14 og 13 år og det er ektemannen som driv garden.

- Så putlar eg når eg har gode dagar, seier Serine.

Ho har innfunne seg med at det må vera slik og gler seg over det ho kan delta i.

Og ein ting er sikkert, ho angrar ikkje på at ho svara ja på å skapa seg eit liv landbruket i Bjerkreim, tett på naturen.