Tysdag hadde fylkesutvalet i Rogaland fylkeskommune møte. På sidelinja stod Rogaland bondelag og serverte rogalandssnacks frå landbruket, som seg hør og bør i Norges største matfylke.

Suldalsskinke, eplesaft frå Randaberg og grønsaker frå Wiig gartneri fekk raskt smilet på plass hjå politikarane før møtestart.

Eit innlegg frå leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, vart det også tid til.

Politikarane vart minna på at Rogaland har 4350 aktive bønder som gir 6418 årsverk direkte i jordbruket. Saman med sysselsette i fôr- og næringsmiddelindustri og ulike leverandørar stoppar eknestykket på rundt 9000 årsverk. Dette gir til saman 2,7 milliardar kroner i verdiskaping - bare frå rogalandslandbruket.

Me har ein verdiskapning per innbyggjar på nesten 6000 kr i fylket vårt. Det er vi stolte av, sa Epletveit til dei lyttande politikarane.

Ho var også innom både ny E39, ednringar i konsesjonslova og miljøbur kontra frittgåande i eggproduksjonen.

- I tillegg vil eg takka politikarane som har drive lobbyverksemd for å sikra oss ei best muleg jordbruksmelding, la Epletveit til, før fylkesutvalsmøtet haldt fram.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) takka for både innlegget og maten.