Rogalandssnacks til fylkesutvalet

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal kosa seg med rogalandsmat.
Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal kosa seg med rogalandsmat før møtet i fylkesutvalet.

Med lokalprodusert mat troppa bondelaget, med fylkesleiar Marit Epletveit i spissen, opp i fylkesutvalet tysdag.

Tysdag hadde fylkesutvalet i Rogaland fylkeskommune møte. På sidelinja stod Rogaland bondelag og serverte rogalandssnacks frå landbruket, som seg hør og bør i Norges største matfylke.

Suldalsskinke, eplesaft frå Randaberg og grønsaker frå Wiig gartneri fekk raskt smilet på plass hjå politikarane før møtestart.

Eit innlegg frå leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, vart det også tid til.

Politikarane vart minna på at Rogaland har 4350 aktive bønder som gir 6418 årsverk direkte i jordbruket. Saman med sysselsette i fôr- og næringsmiddelindustri og ulike leverandørar stoppar eknestykket på rundt 9000 årsverk. Dette gir til saman 2,7 milliardar kroner i verdiskaping - bare frå rogalandslandbruket.

Me har ein verdiskapning per innbyggjar på nesten 6000 kr i fylket vårt. Det er vi stolte av, sa Epletveit til dei lyttande politikarane.

Ho var også innom både ny E39, ednringar i konsesjonslova og miljøbur kontra frittgåande i eggproduksjonen.

- I tillegg vil eg takka politikarane som har drive lobbyverksemd for å sikra oss ei best muleg jordbruksmelding, la Epletveit til, før fylkesutvalsmøtet haldt fram.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) takka for både innlegget og maten.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere