Rogaland er med i kampen om Landbruksdirektoratet

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Regjeringa planlegg å flytta rundt 1000 statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden. Landbruksdirektoratet er blant kontora som kan vera aktuelle for flytting.
Regjeringa planlegg å flytta rundt 1000 statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden. Landbruksdirektoratet er blant kontora som kan vera aktuelle for flytting.

Neste fredag reiser ein rogalandsdelegasjon til Oslo for å selja inn fylket som den beste plassen å flytta Landbruksdirektoratet til.

Regjeringa planlegg å flytta rundt 1000 statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden. Landbruksdirektoratet er blant kontora som kan vera aktuelle for flytting. Kor arbeidsplassane skal flyttast, skal greiast ut innan 1. juli i år.

Neste fredag reiser ein rogalandsdelegasjon til hovudstaden for å overbevisa den politiske leiinga om kvifor akkurat Rogaland skal bli den nye heimen til Landbruksdirektoratet.

Kort tid

Delegasjonen er sett saman av fem personar. To frå fylkesmannen, to frå fylkeskommunen og ein ordførar, som representerer alle kommunane. Ordføraren som reiser til Oslo er Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese.

Bakgrunnen for Oslo-turen er ein invitasjon frå Landbruks- og matdepartementet. Departementet seier i eit brev til Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune at dei har kort tid til utredningsarbeidet og derfor ikkje har høve til å gjesta mulege lokaliseringsstader, men heller inviterer partane til å ha ein kort presentasjon i Oslo med politisk leiing.

Landbruksminister Jon Georg Dale kjem til å vera til stades under presentasjonen.

Skreiv brev

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal har saman skrive eit brev til dei sentrale styresmakter. I brevet argumenterer dei to for kvifor Landbruksdirektoratet bør flyttast til Rogaland.

Der trekkjer dei fram at Rogaland fylket som produserer mest mat i Noreg, og har eit særs aktivt landbruk og ein moderne industri.  

Det blir også trekt fram at Felleskjøpet Rogaland Agder i Stavanger har Skandinavias største kraftforfabrikk. Rogaland har også  det største miljøet i verda innan forsking på fiskefor og eit godt utvikla kompetansemiljø knytt til landbruket, både innan utdanning forsking og industri..

Dessutan er Stavanger-regionen den storbyregionen i landet som har klart færrast statlege arbeidsplassar i forhold til folketalet.

Den aukande arbeidsløysa i Rogaland dei siste åra er også eit argument for at det bør flyttast fleire statlege arbeidsplassar til regionen.

Landbruket, forskingsinstitusjonar opg andre regionale aktørar er kopla inn for å leggja trykk på saka. Rogaland bondelag er ein av dei.

 

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere