Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Rogaland bondelag presenterer i løpet av våren ulike rogalandsbønder.

Snøen har ennå ikkje sloppe taket på toppane, men nede i Ørsdalen i Bjerkreim er det vår og grønt. Langs vegkanten kikkar nysgjerrige sauer og elva fossar friskt.

Hjå Jon Arvid Vassbø har det vore travle tider sidan januar. Fyrst kjeing, så lemming.

- I år overlappa dei kvarandre. Kjeinga drog litt ut, så det har gått slag i slag, smiler han.

I geitefjoset står 265 geiter. I tillegg har Jon Arvid 300 sauer og 40 storfe.

- Joda, det er nok å hengja fingrane i, seier bonden nøkternt.  

Mjølka er hovudinntekta

Geitebonden i Ørsdalen ønskjer seg eit større marknad for kjøt av kje.

- Marknaden er der viss det bare blir profilert. Det er ei sesongbetont vare, heilt mørt og så godt som utan fett. Rett og slett kjempegodt, meiner Jan Arvid og sambuaren Randi.

Men slik det er i dag er kjøtet eit biprodukt av geitene. Det er mjølka som er hovudinntekta.

Dei beste geitene i fjoset i Ørsdalen mjølkar to liter mjølk to gonger per dag, men i snitt mjølkar geitene tre liter kvar dag.

Kjøpte gard som 21-åring

At det vart akkurat geiter for Jon Arvid var litt tilfeldig.

Som 21-åring var han klar til å bli bonde, men faren var ikkje klar til å gi frå seg garden. Derfor begynte unge Vassbø å sjå seg rundt etter alternativ.

- Denne garden kom for sal og eg bestemte meg for å kjøpa. Her var rundt 50 mål dyrka då eg starta opp, fortel Jon Arvid.

Då kvilte kalenderen på 1989. Sidan den gong har det skjedd mykje. I 2010 tok han over heimegarden og i 2012 kjøpte han nabogarden. I tillegg leiger han også ein gard med 50 mål dyrka mark. Til saman blir det 220 mål dyrka og 300 mål beite. Mjølkekvotane har han fått konvertert til geitemjølk.

- Terrenget her passar til geiter, både vegetasjonen og at det er såpass bratt, fortel Jon Arvid, som ein av grunnane til at det vart akkurat geiter på garden.

- Bygningane var frå 1935. Å satsa på geiter var den rimelegaste måten å byggja opp drifta på, legg han til.

Jon Arvid har alltid likt bondeyrket.

- Det var det som låg hjarta mitt nærast. Viss eg angrar på noko, så er det at eg gjekk mekaniske fag på yrkeslinja og ikkje tok jordbruksskulen, seier han.

- Skal ha godt stell

I geitefjoset er det mykje lyd og mange som ønskjer oppmerksomheita av både gjest og bonde.

- Geiter er sosiale og eit veldig greitt dyr så lenge du har kontrollen. Viss ikkje, så har du geiter over alt, seier bonden med eit smil og stikk handa ned til kjea. Små hovuder dukkar ivrig fram og nappar i det dei får tak i.

- Dei et omtrent alt, men dei kan ikkje bare leva på lyng og vissent gras. Dei skal ha godt stell, slår bonden fast.

Han meiner det burde vore meir geit i Rogaland.

- Dei ryddar landskapet og held det reint. Dei et både einar, raun, selja og bjørk, fortel han.