- Det går bra altså!

Stortingskandidat for SV i Rogaland, Solfrid Lerbrekk, sit konsentrert ved sida av ei ku i fjoset til Marit Epletveit i Gjesdal. I handa har ho ein prøvekopp og målet er å få samla nokre dråpar mjølk oppi denne. Kua er sånn måteleg fornøgd og sparker etter mjølkaren som ikkje gir opp av den grunn.

 

Vil ha kontakt med alle parti

Valkampen er i gang for fullt og dei siste vekene har fleire politikarar gjesta bondelagsleiaren. Ho tek i mot alle med opne armar og alle rogalandspolitikarane har ein ståande invitasjon,

Rogaland bondelag er opptekne av å byggja politiske nettverk og onsdagens besøk av SV er eit ledd i denne strategien, og vil gjerne ha kontakt med alle partier som er interessert i landbruk før stortingsvalet i september.

 

Mjølkekonkurranse?

SV-politikar Lerbrekk er oppvaksen på gard og kjenner derfor godt til landbruket. 

- Dette var eit godt utgangspunkt for møtet vårt, der diskusjonen gjekk på kva SV og bondelaget meiner er viktigt for framtidas landbruk i Rogaland, seier Kjell Andreas Heskestad, nestleiar i Rogaland bondelag.

Etter god drøs over kjøkkenbordet, gjekk turen ut for å ta inn kyrne frå beitet til mjølking.

Solfrid har erfaring med mjølking og utfordra resten av stortingskandidatane i Rogaland til mjølkekonkurranse.

 

Tekst: Kjell Andreas Heskestad og Jorunn Erga Steinsland

Rogaland Bondelaget stiller gjerne med ku.