Rogaland Bondelag i møte med stortingsrepresentantar frå Venstre og Kristelig Folkeparti.

Av Marianne Osmundsen,
  • Tips en venn om denne siden

Fylkesleiar Ola Andreas Byrkjedal og org. sjef Olav Sande var i går, tysdag 19. november, på Stortinget for å møta Iselin Nybø frå Venstre og Olaug Bollestad frå KrF. Som kjent er KrF og Venstre ein del av regjeringsplattforma til H / FrP regjeringa og vil difor ha innverknad på landbrukspolitikken som vert ført her til lands.

Hensikta med møte var å orientera om landbruket i Rogaland. Fylket er viktig i norsk matproduksjon, det er ikkje utan grunn vi kan kalla oss matfylket. Vårt fylke har om lag 10% av landet sitt dyrka areal og vi har opp mot 20 % av produksjonen av mjølk, sau og lam. På storfekjøt har vi ein andel på om lag 17% av landet sin produksjon.  Vårt fylke har 85% av norsk tomatproduksjon, det er Finnøy, Rennesøy, Klepp og Hå som er dei største veksthuskommunane.

Alle produksjonane i Rogaland er heilt avhengige av eit velfungerande importvern. Slik som vårt land er utforma, geografisk, klimatisk osv er det uråd for oss å konkurrera med utlandet på pris. Skal ein kunna ta ut ein akseptabel pris i marknaden er vi heilt avhengige av importvern. Norge er ikkje spesiell på dette området, alle land har importvern for å beskytta eigen matproduksjon. 

Jordvern, kampen om næringsareala er stor i vårt fylke. Store areal som i vert nytta til matproduksjon vert  omdisponert. Dersom vi skal auka matproduksjonen må det ei haldningsendring til på dette området

Utarbeida rapportar på verdiskaping i primærlandbruket og landbruksproduksjonen sine ringverknadane innan sysselsetting vert gått gjennom. I vårt fylke er netto verdi på verdiskapinga i primærleddet på vel kr 1,8 mrd. Sysselsettinga på primærleddet utgjer om lag 6 500 årsverk og på ringverknader som til dømes foredling, transport osv er det ein sysselsetting på om lag 8000 årsverk. Dei 14 500 sysselsette i utgjer om lag 6% av alle sysselsette i Rogaland.

Rogaland Bondelag legg opp til møte med våre stortingspolitikarar frå Rogaland, både samla og partivis.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere