- Møtet handla om kor vidt trenden om å bli størst muleg vil halda fram, eller om tradisjonelle familielandbruk også vil bestå framover, fortel leiar i Bore bondelag Jon Tore Refve.

Hovudtalar på møtet tysdag kveld var professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning.

Han snakka mykje om at ein må behalda mangfaldet i landbruket og ikkje bare bli større og større.

- Lønning ser verdien i mangfaldet og i det å nytta ressursane og ha landbruk i heile landet. Me må tenkja annleis enn å bare bli større og større. Det var veldig interessant å høyra på han, seier Refve vidare.

Ordførar Ane Mari Braut Nese (H) og rådmann Torild Lende Fjermestad i Klepp var også med på møtet og informerte om blant anna planane om eit felles landbrukskontor på Jæren og korleis kommunen ser på vidare utbygging.

Ordføraren minna også bøndene på at dei ikkje må gløyme å profilera seg som matprodusentar.

Marit Epletveit, som er foreslått som ny leiar i Rogaland bondelag, hadde også eit innlegg om blant anna klima, miljø og utfordringane framover.

- Kvifor trur du det kom så mange på møtet?

- Me har gjort litt ekstra ut av marknadsføringa denne gongen, med blant anna annonse i Bondevennen, men me har også brukt facebook og fått hjelp av Rogaland bondelag til å få ut informasjon. I tillegg var det nok eit tema mange tykkjer er spanande, seier Jon Tore Refve.