På Ragnhild Stokka Dyngeland sin facebookprofil blir det stadig delt små glimt av kvardagslivet, både frå arbeidet på garden og frå livet generelt. Ho er ekte og ærleg. Her kan ho dela alle dei gilde småglimta frå både familie og garden, men også sorga over lammet som ikkje klarte seg, om uvaska golv og lite søvn.

- Eg vil visa korleis livet faktisk er. Eg er veldig motstandar av at alt skal vera så idyllisk. Eg prøver alltid å halda meg tett opp til sanninga, legg ho til og ler.

- Fleksibelt å vera bonde

Det er måndag. Ragnhild tek seg tid til ein drøs medan ho ventar på at dottera skal bli ferdig hjå reguleringstannlegen.

- Eg har ingen arbeidsgjevar som kikkar på klokka og lurer på når eg er tilbake. Det er ein av fordelane med å vera bonde, du kan alltid koma frå. Samtidig er du jo alltid på arbeid òg, legg ho til.

For med rundt 200 vinterfôra sauer og 50 årssugger i kombinert produksjon, kalvar og ungddyr er det alltid nokon som ventar. Jobben blir ikkje gjort medan Ragnhild ventar hjå tannlegen. Jobben finn seg bare i å bli utsett litt innimellom. Og det er denne fleksibilteten, kombinert med stor variasjon bonden på Lye har blitt så glad i med yrket sitt.

Variert

Ragnhild er sjølv oppvaksen på garden ho nå driv, Grindarholen på Lye. Som eldst av fire systrer var det aldri snakk om noko anna enn å ta over garden.

- Eg kunne sikkert blitt kva som helst, men det var aldri noko alternativ å ta lang utdanning. Eg er nok ein person som kunne likt det meste, men eg kunne ikkje tenkt meg noko anna. Eg trivst kjempegodt, seier 41-åringen og trekkjer fram ein svært variert kvardag.

- Som bonde har du heile spekteret, frå fødselshjelp til avliving, rekneskap og bankmøte, ramsar Ragnhild opp.

Kvardagslivet

Ragnhild Stokka Dyngeland er gift med Morten Dyngeland og saman har dei fire ungar, som er fødde på fire år og fem månadar.

- Eg er for puljedrift, både på gris og ungar, legg firebarnsmora humoristisk til og er rask med å leggja til at ho er glad for at ho har hatt foreldre få meter vekke, som alltid har vore klare til å hjelpa.

- Eg sa alltid at når eg skulle ta over garden skulle foreldra mine flytta vekk. Men så hadde verken eg eller dei lyst til det når dte kom til stykket. Det er noko med å vera fleire vaksne å spela på. Det er viktig i dei mest travle periodane, og dei er det nokre av i løpet av eit år, meiner bonden, som også har fast plass i Time kommunestyre for Senterpartiet.

Litt av alt dette travle kvardagslivet er det Ragnhild gjerne deler av på sosiale media.

- Eg vil setja spor etter meg. Viss dei spora får nokon til å le eller til å tenkja seg om, har eg oppnådd noko av det eg ville. Men det er ikkje sånn at eg alltid har ein baktanke med alt heller altså, forsikrar bonden.