Saker som vi fokuserte på var følgjande:                                                                                                                                          Landsmøte i Arbeiderpartiet. Område i Arbeiderpartiet sitt programforslag som kan verta klarare eller betre er til dømes  ramevikåra for investeringsstøtte, inntektsutvikling, pelsdyr og jordvern. På alle desse områda vart det gitt skriftlege tilbakemeldingar.Arbeiderpartiet har landsmøte nå til helga.

Ei anna problemstilling var forskrifta og regelverket omkring vern av svarthalespove. Denne fuglearten er rødlista og har med det eit vern gjennom forskrift. Det er svært   omfattande restriksjonar for bruk av areal som denne fuglen legg reir på.  Fuglen er etablert i eit avgrensa område hovudsakleg i Klepp kommune.  Vi meiner bonden har synt i fleire år at den beste måten og forvalte arten på er med frivillige tiltak, ikkje med forbod om grashausting.

Vi har tidligare hatt samtalar med Stortingsrepresentantar og valkandidatar til  Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, SV og Høyre.