Jan Arild Seldal og kona Bjørg Seldal har drive med mink sidan 1985. Jan Arild er tredje generasjon pelsdyroppdrettar på garden Seldal i Sandnes. Planen var at sonen skulle overta. Nå ser det ut til at den blågrønne regjeringa set ein stopper for det.  

Fekk sjokk

Jan Arild legg ikkje skjul på at han fekk sjokk då han og kona tilfeldigvis fekk med seg nyheita om ny regjeringsplattform og at partane var samde om ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025.

- Eg trudde eg skulle få slag! Det er heilt utruleg at politikarane på eit pennestrøk kan ta vekk livsgrunnlaget til så mange personar, seier Seldal.

Bare i Rogaland er det rundt 80 pelsdyroppdrettarar. Seldal har vore aktiv i rekrutteringsarbeidet i pelsdyralslaget og anslår at så mange som rundt halvparten av desse har investert store beløp i farmen sin i løpet av dei siste 10-12 åra.

Erstatning

Pelsdyroppdrettaren på Seldal har ikkje den store trua på at politikarane vil snu i denne saka.

- Nå må fokuset vera at dei bør gi alle dei som mister livsgrunnlaget sitt ei skikkeleg erstatning. Mange har investert 10-15 millionar. Utan erstatning vil dei gå konkurs, seier Seldal, som er både fortvila og overraska.

- Det er bare eitt år sidan det vart snakka frå landbruksministeren om langsiktige rammevilkår og nå snur dei heilt rundt. Det er heilt utruleg at det går an, seier den frustrerte pelsdyroppdrettaren.

Han har sjølv ein son som hadde planlagt å ta over garden på Seldal i Sandnes. Med bare 40 mål jord blir det vanskeleg.

- Dei snakkar så fint om omstilling, men kva skal me omstilla oss til? Spør Seldal.