Tekst: Jan Idar Haugen, styremedlem i Rogaland bondelag, 

Ingen næring innan landbruket har eit så kritisk søkelys på seg som pelsdyrnæringa. Det er frustrerande å vita så lite om framtida. Skal eg vedlikehalde og investere? Vil eg få nytte av godt avlsarbeid? Har eg ein trygg arbeidsplass? Osv. Eg trur alle husdyrbønder kan setje seg inn i denne situasjonen - me er heilt avhengig av å kunne tenkje langsiktig.

 

At oppdrettarane til tider føler at presset vert stort og "mobbinga" intens kan me og forstå. Avvikling av norsk pelsdyrnæring står høgt på agendaen hjå nokre dyrevernsorganisasjonar. Også frå politikkens venstreside kjem det slike utsegn. Nokon går ekstemt til verks og nyttar utenkjelege metodar for å fremja sitt syn. Fleire av dei er imot alt hald av produksjonsdyr. Såleis fører pelsdyrnæringa no ein kamp for oss alle.

 

Mest vondt gjer det likevel når ein stundom føler at kritikken frå tilsynsmyndigheiter vert feil og urettferdig. Rapportane frå Mattilsynet kan vera hard lesing og det er ikkje alltid ein kjenner att det som står der. Det skal slås hardt ned når stell og hald av dyra går utover dyrevelferda. Mattilsynet har ei svært viktig rolle. Kunnskap og innsikt må liggja til grunn for alle kontrollar som vert utført, enten det er hjå pelsdyrbønder eller andre. 

 

Oppdrettarane me besøkjer er opprørte over nye avsløringar om dårlig dyrehald. Ikkje fordi dette vert avslørt, men fordi dette ikkje skal skje i denne næringa. Det er jo det næringa har hatt fokus på over lengre tid. No må alle tilgjengelige ressursar, pengar, fagfolk og organisasjonsapparat setjast inn ute i felten, seier dei. Pelsdyrbønder som ikkje klarer oppgåva si må få hjelp til å klare det, eller til å avvikle drifta. Næringa har ikkje råd til fleire uhell.  

 

Når ein besøkjer desse oppdrettarane får ein eit klart inntrykk av at dei er dyktige og profesjonelle bønder. Avlsarbeid, fôring, rutinar osv., alt er gjennomtenkt. Dyra er blanke og fine, svært rolige og harmoniske; 10.000 mink under same tak, ingen dyr reagerer med lyd eller uro når framandfolk dukkar opp. Internkontroll, eller det me bønder kallar KSL er ein del av den daglige rutinen. Alt frå vask av fôrtank, mottak av fôr, besøk i farmen, avliving av sjuke dyr osv. vert loggført. Eg får ein sterk følelse av at utøvarane i denne næringa ligg eit lite steg føre oss andre. Slik må det og vera dersom næringa skal overleve.

 

Pelsdyra er avla fram for å leva i fangenskap gjennom mange generasjonar. Dersom me fører generasjonane like langt tilbake i menneskeslekta hamnar me sånn cirka på Jesus si tid.  Jammen har me tilpassa oss både det eine og det andre me menneske og sidan då! 

 

Pelsdyrnæringa har ei svært viktig rolle i det norske landbruket. Restprodukt til ein verdi av 45 millionar, frå slakteri og anna næringsmiddelindustri, vert kjøpt inn som råstoff av Rogaland Pelsdyrforlag. Såleis får foredlingsbedriftene våre betalt for eit produkt som dei elles måtte brukt pengar på å bli kvitt. Dette sparer kyllingbonden, kubonden, grisebonden og sauebonden for kostnader i størrelsen 80-100 millionar kroner pr. år, berre i vårt område. GRØNNE eksportinntekter på 200 millionar i form av norske rev- og minkskinn er resultatet. Dette er god ressursutnytting, gir ein heilskap i næringskjeda, og er ein naturlig del av det kommande "Grøne skiftet".

 

Takk til pelsdyroppdrettarar og veterinær som stilte opp. Takk òg til Søre Hå bondelag som har omsorg for medlemmene sine enten dei driv med pels, mjølk, kjøtt eller grønsaker!