Sundag 20. august inviterte Varhaug bondelag til Open gard hjå Sverre og Håkon Varhaug.

Veret spelte ikkje heilt på lag, men mange fann likevel vegen til gards.

På garden kunne gjestene få helsa på både gris, geit, sau og ku og traktor og ulike reiskaper var utstilte.

Regn og vind øydela ikkje den gode stemninga. Inni fjoset var det tørt og godt og rigga til med både bord og benker for dei som ville nyta eit godt måltid frå grillen. I tillegg kunne alle som ville få sjå korleis ein mjølkerobot verkar.

- Det er veldig bra at gardane vert opna opp på denne måten og at folk får lov til å vandra fritt inni fjoset, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag og sender ein stor takk til Varhaug bondelag og Håkon og Sverre Varhaug i Varhaug DA for at dei opna både fjosdøra og hagen sin.

- Det er eit viktig arbeid å formidla korleis vi har det rundt om på gardane, legg Epletveit til.

For dei som vil gjesta ein gard er det fleire sjansar. 27. august opnar gardar på Holmen i Bjerkreim og Grøsfjell på Helleland førene. 3. september er det Open gard på Øksnevad vgs i Klepp kommune og i Hjelmeland.