Det er laurdag 11. november og det årlege leiarmøtet til Rogaland bondelag går mot slutten. 31 lokallagsleiarar frå heile fylket var påmeldt årets møte. To av dei er Torbjørn Madland frå Gjesdal bondelag og Inga Steinsland frå Bjoa bondelag. Medan Inga har vore med mange gonger før, var Torbjørn på sitt aller fyrst møte som leiar i sitt lokallag.

- Det har vore gildt. Eg meiner det er viktig med eit slikt møte, ikkje minst for motivasjonen. Eg kjenner meg endå meir motivert til å gjera ein god jobb som leiar nå, seier Torbjørn.

- Og ikkje minst så er det veldig sosialt og ein blir kjent med mange nye folk, legg den nyvalde leiaren i Gjesdal bondelag til.

- Tips og råd

Også Inga er godt fornøgd etter årets møte. Ho har vore leiar i Bjoa bondelag i mange år.

- Leiarmøta er kjekke å vera med på. Det er ein flott arena å bli kjent med andre, få drøfta ting ein tenkjer på og få tips og råd, seier ho, og trekkjer fram at det er gildt når det kjem foredragshaldarar frå leiinga i Norges bondelag for å halda innlegg.

- Det gjer at det blir kortare veg til dei i Oslo. Det blir enklare å ta kontakt når ein lurer på noko, legg Inga til.

Eigen del for nye leiarar

Leiarmøtet hadde også fleire inviterte gjester både frå andre landbruksorganisasjonar, samvirkebedrifter og fylkesmannen i Rogaland, i tillegg til andre tillitsvalde i Rogaland bondelag.

Møtet hadde i år ein eigen del for ferske bondelagsleiarar. Elles var programmet variert og deltakarane fekk blant anna ei oppdatering på landbrukspolitikken og kvalifiser gjetting om kva ein kan venta seg frå politikarane, innspel frå sidelinja frå både politikarar og media, ei påminning om rettane til bonden og kva forventningar ein kan ha til eigen organisasjon.