Marit Epletveit si tale:

Overproduksjon er eit hinder for bondens inntekstustvikling.

Den norske bonden produserer i hovudsak mat til innenlands forbruk. Marknadsbalanse er derfor heilt avgjerande for å sikre bonden sin inntekt. Overproduksjon er svært kostbart både for bonden og for industrien.

Det må vera samsvar mellom produksjon og forbruk i landet. Rogaland bondelag er svært skeptisk til ein politikk som motiverer til større produksjon enn behov.

Det er stor prisdifferanse mellom norske og utenlandske landbruksvarer. Aukar me denne prisdifferansen vert konkurransekrafta vår svekka i forhold til utenlandske varer,  og me får eit svakare tollvern. For meg er det viktig å oppretthalde og helts auke volumet i den norske produksjonen.

Det betyr at me heller ikkje kan auke kostnadsnivået i husdyrproduksjonane. Om lag 80 prosent av den norske kornproduksjonen vert nytta som forkorn. Ein auka målpris på forkorn aukar kostnadsnivået hjå husdyrbonden, dette er det ikkje rom for å ta ut i sluttmarkedet.

Dersom det er ønskje om å styrka økonomien på mindre kornbruk meiner eg det må gjerast gjennom målretta bruk av budsjettmidlar.  

 Rogaland er eit husdyr- og beitefylke. Kulturbeita står for ei betydelig grasproduksjon. På dei beste beita har dei målt opp til 800 fem. Utfordringa er at  Kulturbeita mange gonger er bratte og lite framkomelige. Skal slike beite gjødslast og stellast på ein god måte, betyr det stor manuell arbeidsinnsats. Me vil derfor behalde ordninga for bratte beite gjennom RMP-ordninga.

Dyr på kulturbeite haustar areal som ikkje kan haustast maskinelt. Kyr og sauer på beite gir eit godt omdøme! MEN, også her er klimaendringar og større nedbørsmengder eit problem. Det skaper vanskar for beitedrift då våte areal vert opptråkka og jordstrukturen vert øydelagt. Det er behov for å lede bort overflatevatn, grøfte og lage tilkomstvegar for dyra. God utnytting av grasressursane i kulturbeite vil i framtida krevje investeringar. Dette må det leggast til rette for gjennom SMIL ordningane.

God beitepolitikk er ikkje eit val mellom kulturbeite eller utmarksbeite. Her er det ja takk begge deler! Rogaland bondelag vil ha ei satsing både på kulturbeite og utmarksbeite. Eg ser at fleire fylkeslag har tatt til orde for ei endring i  omrekningsfaktoren for kulturbeite frå 0,6 til 0,7. Det støtter vi.

Eg synest det er bra med stimulering til meir bruk av utmarka, men det må ikkje gå på bekostning av innmarksbeita. Opne landskap er ein viktig del av samfunnskontrakten vi har og då trengs stimuli til nettopp dette.