3. mai i fjor vart det fødd eit litt annleis lam på garden Nerheim i Suldal. Lammet var lite av vekst og fekk raskt namnet Mini.

- Då tida kom for å reisa til heia var ho halve storleiken til broren. Me tok ho difor frå mor og valde å ha ho heime saman med kopplamma, fortel bonde Ida Nerheim.

Frå Mini til Dumbo

Men Mini vaks aldri skikkeleg og forblei mykje mindre enn dei andre kopplamma. Gamlemor på garden la merke til dette lammet med nokre alt for store øyrer, så då vart Mini døypt om til Dumbo.

Dumbo var framleis alt for liten då dei andre kopplamma vart sende til slakt.

- Og sidan ho var ein ganske søt dverg, valde me å behalda ho som maskot, fortel Ida.

Ho kan elles fortelja at Dumbo er ekstremt kosen og går saman med dei andre livlamma, som er om lag dobbelt så store som ho sjølv.  

På Instagram

Nå har altså Dumbo fått sin eigen instagramprofil @sauendumbo.

- Me tenkte det kunne vera festleg med ein eigen profil og fortelja ting frå ein sau sitt perspektiv, seier Ida med eit smil.

Dumbo har i skrivande stund 37 følgjarar.