Rogaland bondelag arbeider for å gjera landbruket i fylket meir synleg.

Landbruket er ei stor og viktig næring i matfylke nummer ein. Dette vil me synleggjera, men då treng me di hjelp! Har du gode bilete som viser kvardagen på garden, merk det med #rogalandsbonden på Instagram. Kvar dag vel me ut bilete som me repostar slik at endå fleire kan få eit innblikk i landbrukskvardagen.

Deler du bilete på facebook, tagg oss i innlegget, så kan me vera med på å dela vidare. Slik kan me nå ut til mange fleire.

Det kan vera bilete av både stort og smått, folk og fe, landskap og utstyr. Rett og slett alt som høyrer kvardagen til.

Du kan også senda små kvardagsglimt eller gode historiar til oss på rogaland@bondelaget.no eller på messenger. Kanskje kjenner du ein bonde me burde ha skrive litt om? Kanskje har du ei god historie frå landbruket? 

Rogalandsbonden kjem i mange variantar og me vil gjerne visa det mangfaldet på våre digitale arenaer.

Liker du best å drøsa, er det bare å ta ein telefon.

Håper me høyrer frå deg!