-48 timar om gongen, slår Tor Bjarte Grødem fast, og siktar til lengden på periodane med opphaldsver sidan mai i år.

Det er lite som har opptatt bøndene meir i år enn vêret. Skyene har verka utømelege og frustrasjonsnivået har tidvis vore høgt bak fjosveggar og i alt for blaute grønsaksåkrar.

Men i dag skin sola og det vil ho truleg halda fram med å gjera dei neste dagane, ifølgje vêrmeldinga.

Tørt, men blautt

Utanfor løa til Tor Bjarte og Anne Grødem på Time ligg graset slått og klart.  

- Det er gildt når sola skin, stadfestar bonden på Time med eit smil.

Både måndag og tysdag var Tor Bjarte ute og slo gras og fekk gjort seg ferdig med 3.-slåtten rundt dørene. Sjølv om det er mindre gras enn vanleg, ser graset betre ut enn tidlegare i år.

- Det er det tørraste graset me har slått i år, men likevel det blautaste underlaget eg har slått på nokon gong, slår bonden fast. For sjølv om det har begynt å tørka litt, er jorda framleis blaut.

Arealet ekteparet Grødem nyttar på hennar heimegard på Frøyland i Time har dei meir eller mindre avskrive.

- Me fekk tatt fyrsteslåtten og halve andreslåtten her. Resten har me avlyst, seier Anne.

11 dagar i april/mai

Både måndag og tysdag viste vêret seg frå ei betre side og yr.no lovar meir: lettskya vêr til og med fredag ettermiddag.

For å finna ein lengre periode med opphaldsver må ein heilt tilbake til månadsskiftet april/mai.

Då var det, ifølgje yr.no, heile 11 dagar utan nedbør på målestasjonen på Særheim i Klepp kommune. Men så var det slutt på lange opphaldsperiodar. 18. mai var den verste enkeltdagen med 37,8 mm nedbør. Og sjølv om gradestokken kraup godt over 20-talet nokre dagar i juli, var regnet aldri langt vekke.

Slåing og planering av spor

Korte opphaldsperiodar betyr oppstykka arbeid for bøndene og ikkje plent gode arbeidsforhold. Ein tung traktor set fort merke i blaut jord.

- Me har ein liten gravemaskin som me har brukt til å planera traktorspor, så det har blitt litt sånn at eg har slått graset og svigerfar har planert spora etter meg, seier Tor Bjarte, som har klart å behalda humøret gjennom tunge vêrtider.

Bøndene like nedanfor Time kyrkje meiner nemleg at dei trass alt er heldige. Jorda på Time er av god kvalitet, dei har mykje gras i forhold til mengden kyr og trur derfor dei vil ha nok fôr til vinteren til dei 50 mjølkekyrne i fjoset.

Men kva kvalitet det har blitt på på fôret når jorda er blaut og graset fuktig, er framleis usikkert.

- Me har akkurat sendt inn fôrprøve, så får me sjå, seier Anne håpefullt.

38 år tilbake i tid

Leiar i Time Bondelag Willy Finnbakk må langt tilbake i vêrminnet for å finna liknande sommar og haust, nærare bestemt til 1979 og fortel om fôrmangel og dårlege avlingar.

- Men då dreiv me landbruk på ein heilt annan måte, meiner Finnbakk og viser til at traktorane var både mindre og lettare for 38 år sidan.

- Det går ikkje på same måte nå, seier han.

Verken 1979 eller 2017 går inn i historien som gode år for bøndene. Måtte det bli 38 år til neste gong. Minst.