Kjære årsmøtedeltakere først og fremst tusen takk for muligheten dere gav meg i fjor. Det har vore eit travelt år, eit spennende år i møte med mange kjekke folk, mange som vil oss godt og noen som vil oss dit pepperen gror. Det har vært eit år fylt av nye utfordringer. Utfordringer for meg som person, men ikkje minst for næringa.

 I april fekk vi ei ny jordbruksmelding Rogaland Bondelag og mange andre gode krefter hadde jobba godt heile vinteren for å sikre at regjeringen sin jordbruksmelding, «Endring og utvikling- en framtidsrettet jordbruksproduksjon.»  Ikkje skulle bli vedtatt.

Her var der ein intens mobilisering frå heile næringa i arbeid opp mot dei politiske partia.

Mobiliseringa viste at vi er sterke når vi står sammen, når vi bruker organisasjonene våre og nettverket vårt – godt jobba til alle enten dere gjorde jobben lokalt i regi av lokallaget eller på andre arenaer.

Vi viste også igjen i media, og ingen kunne vel være i tvil om at regjeringa og Dale sin landbrukspolitikk – den ville me ikkje ha.

Politikerane på Stortinget viste ansvar -  og etter grundig behandling i næringskomiteen så vart tilslutt meldinga ganske så bra. Blant anna kunne vi lese: «For å sikre rekruttering, og for å løfte inntektsmuligheten i næringa, skal inntektsmålet være å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper»

Bare dagen etter skulle landbruket tradisjonen tru legge fram sitt krav til staten. Med jordbruksmeldinga friskt i minne meinte ein her at tida var moden for å klinke til. Då vart vi jo sjølvsagt omtala som både griske og grådige. Staten svarte med eit tilbud langt under beltestedet og etter lange dragkamper i forhandlingsutvalget var det ikkje mulig å komme til ei løysing og vi var nødt til å bryte. Og med eit brudd følger jo sjølvsagt aksjoner, for kva var vel vitsen med å bryte hvis det ikkje viste igjen? For oss som organisasjon er det krevende med brudd, og der går mykje tid, penger og krefter i alle ledd. Så tusen takk til alle som også denne gangen stilte opp. For at forhandlingsutvalget skal gjer ein god jobb er dei nødt til å kjenne på trykket frå grasrota. Dette må vi også ta med oss i tida framover. Det vil bli tøffe tak også i forhandlingene framover så det er bare å få på hurtiglading på batteriene. Vi går alltid inn i forhandlinger med utgangspunkt å bli ening, men slag under beltestedet, tåles ikkje og då må vi sei ifrå. Når det vert brudd er jo det i seg sjølv eit sjansespell, normalt går då staten sitt tilbud gjennom i stortinget, men med ei mindretallsregjering kan alt skje. Venstre valgte å plusse på tilbudet og forhandlingsutvalget vart innkalt til fordelingsforhandlinger og vi fylkesleder til telefonmøte i seine nattetimer. Målpris på gris var redda, beite på innmark. Men ikkje arealtilskudd i sone 1 og 3. desse to sonene har i det siste vorte omtale som kornsoner. Og ligg stort sett på Austlandet, bortsett frå 3 kommuner her i fylket som ligg i sone 3. landbruksminister Dale har uttalt at han vil opprettholde kanaliseringspolitikken og er villig til å ta grep for dette. Eg er enig i at vi skal legge til rette for auka produksjon av korn i kornområda, men det at vi skal ta frå noen for å gje til andre er ikkje greit. La oss få inn friske midler til dette. Vi bør absolutt stimulere til at sau og ku nytter både innmarks og utmarksbeite. Kulturbeita er kjempeviktige for Rogaland og er ein av grunnene til av vi kan ha den store produksjonen på husdyr som vi har. 30% av landets innmarksbeite er her i fylket, det er viktig å ha med seg. Ikkje alle veit hvilket arbeid som ligg bak eit flott beite og kor krevende det faktisk er å holde det fritt for ugras, gjødsel og ha rett beitetrykk gjennom heile sesongen. Samt vedlikeholde gjerda.

Apropos gjerda. Før jul var eg på eit møte med fylkesmannen om smittevern. Er det slik at utbrotta vi har sett på fotråte og handler om dårlig gjerdehold? Lar vi dyra vandre litt for fritt omkring? Eller er det vi sjølv som vandre fritt omkring? Bekymringa til fylkesmannen var at 50% av erstatningsutbetalingene både på dyre og plantesida gjekk til Rogaland. Kva må til for at vi skal få dei ned??  Og er det mulig? Vi bor i eit husdyrtett område på både godt og vondt. Eg som er vokst opp i distrikt i Agder kjenner veldig på gleden og samholdet med så mange gode kollegaer i nabolaget. Utfordringa er at vi har både tett kontakt og korte avstander i luftvei at ved enkelte utbrudd blir vi veldig hardt ramma. Derfor kviler det eit ekstra ansvar på oss. Vi må være særdeles gode på smitteforebyggende tiltak og vi må gje beskjed fort om noko skulle oppstå, for å avgrense omfanget så fort som mulig. Fordi for vi eit utbrudd av sjukdom munn og klovsjuke på Varhaug og alt i ein radius på 3 km vert båndlagt vil det sei over 100 besetninger. Hadde det skjedd heime hos min far, i distrikt i Agder, ja då hadde den gården vorte båndlagt og to hester fått restriksjoner. Eg meiner vi må ta dette på alvor, vi må ta ansvar. Vi må bli best på smittevern. Her har vi alle noen å strekke oss etter, Sjølv fekk eg tilsendt helseattest signert av Tine og veterinær i romjula. To dager etter har vi Corona virus på heile besetninga. Då gjelder det å tenke nøye gjennom ein gong til, kor kan smittekilda være denne gongen? Og for å sei det sånn: Eg unner ingen Corona virus i fri flytt, det var dritt overalt.

Dritt over alt, ny gjødselforskrift er på veg, den ser ut til å dra ut i tid på godt og vondt. Det er ingen tvil om at eventuelle innstramninger vil gje store utfordringer i dette husdyrfylket. Etter innspellsmøte i november senka eg skuldrene noe då folk frå landbruksdirektorratet bekrefta at å spreie med kanon i beitene fortsatt såg ut til å vere ok. Det er farlig å senke skuldrene for langt ned og det skal eg heller ikkje gjer. Det vil være viktig for oss at ny forskrift er faglig godt begrunna og praktisk mulig å gjennomføre. For oss er det viktig at vi kan opprettholde den produksjonen vi har i fylket i dag.

Dritt overalt kan vi vel sei om konsekvensen av sist sommer. Sommeren 2017 var året då eg angra på bestilt sommerferie, ikkje bare truer mannen i huset med å være heime for vi var faktisk ikkje i havn med verken våronn eller 1. slåtten, sjølv om kalenderen viste 26 juni.

Utfordringa i sommer med å finne ei glippe i værmeldinga til å ta slåtten ramma mange i heile fylket. Jordene var ikkje særlig kjørbare og bekymringene i etterkant blir mange. Har eg nok for til dyra i vinter, eller nok lagerkapasitet til gjødsla?  Her synast eg fylkesmannen og Innovasjon Norge var gode som snudde seg rundt og fekk laga ei midlertidig ordning med tilskudd til nye gjødsellager og så er det faktisk like imponerende at mange responderte på ordninga og nesten 7 Mill har gått til nye lager. Det viser at Rogalandsbonden bryr seg om miljøet sitt og ser utfordringene med klimaendringene. Eg trur og det at eit nytt gjødsellager er med på å sikre god nattesøvn, ein ting mindre å bekymre seg for.

Søvnløse netter har også mange av slaktegrisprodusenten hatt. Alle har vist at mattilsynet i løpet av året skulle innom alle slaktegrisbeseteninger. Norsvin har gjort sitt for å få ut informasjon, både gjennom egne kanaler, via slakteria og i bondevennen. Likevel kjem der oppslag i media som overhode ikkje er greit.  Enkelte av saken kan vi til ein vis grad skylde på menneskelige tragedier, men så er det faktisk stopp. Her må vi rett og slett skjerpe oss og det er ikkje sånn at eg tenker dette bare gjelder slaktegris. Eg trur vi alle som driv med husdyr kan løfte oss eit par hakk. Når det er sagt så meiner eg vi som bondelag skal stå på bonden sin side i desse sakene, hvis han ønsker å rydde opp. Vi skal bistå bonden og ikkje gjere alvor av anonyme SMS med oppfordring om å politianmelde sakene som har vore i media. Vi skal bistår i prosess med mattilsynet og øvrige systemer Her skal vi jobbe for ein god dialog og rettferdig behandling. Det føles ikkje som rettferdig når ein i tillegg til overtredelsesgebyr frå mattilsynet for eit kraftig trekk i produksjonstilskuddet. Dette har vi nå forsøkt å belyse og sendt videre til Norges Bondelag. Der er sterke krefter som jobber mot oss og for ei tid tilbake fekk styret mail frå eit styremedlem: Vi burde heller på nest møte om det er tid, tatt ein diskusjon på korleis vi gjere for å koma ut av den defensive rolla vi har med dyrevelferdssakene i media. Marit har i media lagt seg på ryggen 5-6 gonger til nå og vi mister meir og meir truverda. Rett etterpå kom ein liten oppklaring:  Kona mi seie at det er forskjell å legga seg på ryggen og å legga seg flat.

Men uansett, slik som situasjonen er nå for eksempel på gris så kan eg ikkje gjer anna enn å legge meg flat. Det er ikkje slike bilete vi skal ha. Næringa har tatt tak og der vil komme på plass eit eige slaktegrisprogram. Men ærlig talt, det er vel og bra omverden ser at vi gjer noko. Men det aller aller viktigaste er jo faktisk at vi går ut i fjøset ser til dyra våre gjer dei mat og vann og tar oss ekstra av dei som er sjuke. Så enkelt og så vanskelig. Mine dyr for ikkje betre stell om eg etterpå kryssar av ja eg har vore i fjøset. Eg meiner  vi alt nå har eit omfattande regelverk og  ein dokumentasjon i forhold til KSL som skaper mykje frustrasjon rundt om. Det må være mulig å forenkle slik at vi faktisk får tid til å gjere eit ordentlig stykke arbeid. Men så var det denne balansegangen då. For at vi skal få solgt maten vi produsere må vi ha nokon som kjøper den og då er det viktig at vi at vi har forstålese blant det norske folk til nettopp det. Vi treng ein aksept i samfunnet på at nokon faktisk må gjere ein jobb. Alle kan ikkje gå rundt å være konsulentar, itarbeider og markedsjefer. Vi må stå opp og fram og med stolthet vise at vi lager maten din. Og vi må formidle bodskapet om at den er produsert på ein trygg god måte, med lite bruk av antibiotika. Og det må være sant. Vi bur i eit høgkostland så akkurat her er det ingen diskusjon skal vi ha aksept for produkta våre må dei ha kvalitet. Men så tilbake til spørsmålet frå styremedlem: Korleis komme i forkant? Er næringa klar til å lage strenger regelverk for hold av dyr, før dyrevern alliansen og andre kommer på banen?

 

For å sei det slik har dyrevern alliansen gjort eit kupp når Venstre kom inn i regjering og vi i Jeløya erklæringa kunne lese pelsdyrhold skal avvikles. For meg kom dette som lyn frå klar himmel. Eit år etter vedtaket i stortinget om ei bærekrafti utvikling av pelsdyr er det altså heilomvending. Og dette blir Høgre og FrP med på, partia som har årsmøtevedtak på berekraftig utvikling i ryggen. Sånne heilomvendingar rammer ikkje bare pelsdyroppdretterene men heile landbruksnæringa. For når ikkje rammevilkåra står i meir enn eit år, kven skal vi da stole på? Og nettopp derfor har vi i bondelaget stått opp for pelsdyrbøndene, hatt møter og tatt kontakt med ulike politikare. Vi gir oss ikkje før vi må. fordi det handlar om så mykje meir. Det handlar om berekraftig arbeidsplasser ute i distrikt, positive ringverknader i bygda, kulturlandskapet som vert pleia av nokre sauer som tilleggsnæring, ein effektiv destruksjon av slakteavfallet frå andre produksjonar.  Eit produkt som er miljøvennlig og ikkje gir plast i havet, men som varmar og varer. Det handlar om ei næring som verkeleg har tatt tak og gjort grep for å ha den beste dyrevelferd i verden. La oss stille opp og ta den kampen ilag.

 

Ein anna kamp vi må ta er kampen om matjorda vår. 10 % av jordbruksarealet i Norge er i Rogaland.  Vi har noko av den beste jorda i landet, her har folk drevet med jordbruk i tusenvis av år og vi må verdsette dette. Fylkeskommunen held på å utarbeide ein ny jordvern strategi som forhåpentlegvis skal vedtas i fylkestinget før sommaren. Her har bondelaget fått være med i arbeidsgruppa. Det er bra, men eg trur den viktigaste jobben vi kan gjer er å følgje godt med på alt av planer, slik at vi tidleg kan komme på banen med konstruktive tilbakemeldingar for å plassere veg, boligfelt, nye industriområde o.s.v. slik at det tar minst mulig av jorda vår. Dette er ikkje noko kvik fiks og vi må alle følgje godt med, kvar på vår kant. I tillegg må vi faktisk gå i oss sjølv og, eg veit det er vanskelig, men kan vi klare å bygge smartare og med mindre bruk matjord også på egen eigendom?

 

Fylkeskommunen er veldig på for tida og ikkje bare held dei på med jordvern strategi også  fylkeskommunen sin bioøkonomistrategi utarbeidast i desse dagar og vi har fått være med.

Målet her er at også denne skal vedtas  i fylkestinget før sommaren. Fylket er opptatt av landbruket og spiller gjerne på lag med oss. Det er godt å kjenne på den godviljen. Vi har jo alltid drevet med bioøkonomi. Tatt vare på møkka og brukt den som næring til plantene. Sådd kløver som fikserer nitrogen frå lufta. Hatt vekstskifte for å  auke avlingar og unngå smitte. La oss være i føresette og ta i bruk ny kunnskap og kanskje hente fram noko av den gamle. Foods of Norway ser no på muligheita til å bruke tang og tare som proteinfôr til dyra våre. Når min morfar som liten gut vaks opp på Tromøy utanfor Arendal gjekk dei alle mann av huse når tangen fløytt inn til strendene om hausten. Den dag i dag kan du sjå tanggropper langs kysten der. Her samla dei tangen, når våren kom henta dei den tørka tangen fram og brukte den som gjødsel i potetåkeren. I følgje historia var desse potetene så gode på smak at dei var etterspurt heilt til dei fine fruene i Oslo.

 

Dette var poteter med ei historie og nettopp dei gode historiene om korleis produkta vert til er viktig for oss framover. Vi er eit volumfylket og det skal vi fortsatt være. Men vi skal likevel heie på mangfaldet og dei som velger litt utradisjonelle veger. Eg meiner det vil føre til meir bruk av norske produktet. Derfor har vi og stilt oss bak matmanifestet som nå har over 150 stk. signaturar, frå produsentar til restaurantar

Her heter det blant anna: vi vil skape forståelse for hvor maten kommer frå og hvordan den blir produsert. Vår regions naturmangfold med vind, hav jord og landskap skal man verdsette høyt.

Ja, om å bli verdsatt – det er mange som heier på den norske bonden, men til slutt så er det økonomi og lønnsomhet for den enkelte bonde som gjelder

 

To av bærebjelkene i landbrukspolitikken er importvern og markedsregulering. Vi opplever press på auka import og vi opplever at markedsreguleringen er under press. Dette er en farlig kombinasjon!

Så lenge prisane aukar meir i Norge enn i våre naboland svekkas verdien av importvernet. Dette kan motvirkes viss regjeringa viser vilje til å gi meir av inntektsauken i jordbruket ved bruk av budsjettmidler. Det er også ubenytta handlingsrom innenfor WTO-avtalen til å innføre prosenttoll på fleire produkter. – kan vi forvente det frå denne regjeringa?

 

Erfaringene frå de siste årene er det motsatte, nesten all inntektsvekst har blitt gitt ved prisøkning. Det betyr at vi samtidig svekker vår konkurransedyktighet og mulighetene til å auke norsk matproduksjon svinner hen.

 

Produksjonsvolumet er helt avgjørande for dei samla inntektene i landbruket. Det er og heilt avgjørande for å kunne ha en oppegåande næringsmiddelindustri – i Norge – basert på norske råvarer.

Et marknad i balanse er forutsetninga for å kunne ta ut målpris. Vi har stort sett hatt god balanse på de fleste produktet i Norge. Joda, det vekslar mellom overskot og balanse på gris, og vi har hatt underskot på storfe, men samanlikna med andre land er dette småtteri.

 

Når eg for fleire år sidan var i Romania på ein gard var der ein flokk med kyr som gjekk for seg sjølv. Dei var meld inn til slakt, men dei viste ikkje når dei vart henta, det var når slakteriet hadde bruk for kjøtt. Desse låg og eit stykke veg frå slakteriet og regna med at dei stadig havna nederst på lista.

Hadde dette vore Norge i dag ja då hadde vi hatt ganske mange sauer stående på vent rundt omkring. Noen meiner det er undersalg andre overproduksjon. Uansett har vi ei utfordring her og sjølv om markedsregualtor i dag har plikt til å hente dyra våre ser vi at våre muligheiter til markedsbalansering stadig blir redusert – verktøykassa er snart tom. Her er verken regjering eller konkurransetilsyn på vår side. I Nationen i går kunne vi lese at regjeringa håper på ein snarlig handelsavtale mellom Efta og Mercosurs. Og kva er så Mercosurs mål? Å selje flest mulig landbruksprodukter.

Viss ikkje vi samen viser ansvar, og blir enige om gode ordningar kommer dette til å bli et alvorlig problem for oss framover.

Utfordringer framover vil der alltid være, men ærligtalt vi er sjølvstendig næringsdrivende med dei retter og plikter det medfører. Som bondelag skal vi prøve å stake ut ein kurs som vi meiner landet skal gå i og så er det opp til kvar enkelt å bruke ressursene på eigen gard best mulig.  

Då kan vi velge å legge opp arbeidsdagen så det passer med ektefelle sin arbeidsdag eller ungene sine fritidsaktiviteter og skule. Eg har sjølv nytt godt av det og alltid hatt ein far som stod klar med middagen når vi kom heim frå skulen. Gode minner om felles måltid og tid til hjelpe med leksene. Vi har mulighet til å stille opp når skulen treng ein ekstra vaksen på skidag. Og vi kan og ty til skittene triks og dessverre ikkje få fri når tante Olga inviterer til 80 årsdag. La oss ikkje glemme dette, ei heller gleden med å gå i fjøset ta imot nytt liv. Stelle jorda vår se det gro. Kjenne på gleden ved å gjere det litt betre enn i fjor og vite at vi gjer ein viktig jobb. Vi er med å skaffe mat til det norske folk, vedlikeholde kulturlandskapet og holde liv i bygdene.

Og det må eg sei det var fantastikk å komme ut i fjøset i går for å mjølke etter å ha sitte inne å knota på denne talen, det var herlig bare la tankene fly mens arbeidet gjekk på rutine. Når ungene i tillegg kjem å spør om dei kan hjelpe, ja då er det godt å være bonde.

La oss kjenne på den godheten og gleden vi har i yrket. La oss trekke fram dei gode dagen og framheve dei. Sammen skal vi klare å opprettholde stoltheten til bondeyrket. Vi skal klarer å snu negative avisoppslag til noe positivt. Mi skal klarer å løfte Rogaland Bonden og Rogaland Bondelag opp og fram. Eg håper vi i åra som kommer klarer å være meir framoverlente. Vi må være stolte av den jobben vi gjer og vi må komme med dei gode innspella, være i forkant. Dette lasset må vi dra ilag, i lokallaga, vider til fylket og så til Norges Bondelag  

Korleis vil vi landbruket i Rogaland skal sjå ut, kva er viktig for deg?

 Takk for meg og god debatt.